Sandøy kommune inviterer alle interesserte til ope møte om kulturminne i Sandøy kommune.

 

 

Tid:          Tysdag 17. september kl. 18.00 - 20.00

Stad:        Nærmiljøkafeen på Sandøytunet

 

Sandøy kommune er i ferd med å utarbeide eigen kulturminneplan. Vi ser det som viktig at denne vert vedteken innan vi inngår som ein kommunedel i nye Ålesund kommune.

 

«Ein kulturminneplan er eit verktøy for lokal og regional forvaltning, og grunnlag for meir effektiv areal- og byggesakshandsaming der kulturminne er tema. Ein kulturminneplan gir meir føreseielege rammer for eigarar av kulturminne, og er grunnlag for tilskot til bruk og vedlikehald av kulturminne og kulturmiljø. Med kulturminne meiner ein alle spor etter menneske i det fysiske miljøet vårt, inkludert stadar som er tilknytt historiske hendingar, tru eller tadisjonar til. Bygningar, hagar, gravhaugar, helleristningar, bruer, vegfar er eksempel på faste kulturminne, medan handverktradisjonar, språk, stadnamn er døme på immatrielle kulturminne»

Eit føremål med dette møtet er å få innspel og identifisere kulturminne i Sandøy kommune som ikkje har eit formelt vern i dag, men som likevel kan ha stor verdi og som er viktige å ta vare på for framtida.

Vi har fram til no kartlagd dei kuturminna i kommunen som har formelt vern, og desse vil vi gå gjennom i starten av møtet.

Vi har allereie samla inn forslag om ulike kulturminne på Sandøya og Ona, dette gjorde vi samstundes med møter vi hadde på øyane om kartlegging av friluftsområde i vår. Så i første omgang er vi interesserte i kulturminne på Harøya og Finnøya (med omkringliggande holmar og småøyar), men interesserte frå Ona og Sandøya som vil møte er sjølvsagt velkomne også.

 

Frå kommunen vil rådmann Anny Sønderland og einingsleiar Anita Øen delta, medan Lodvar Espeland vil halde ei kort innleiing om dei funna vi har gjort så langt.

Dei som ikkje har anledning til å møte, kan sende innspel direkte til Lodvar Espeland på lodvar.espeland@sandoy.kommune.no, med frist fredag 27.09.19.