Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for utlendingar |
|
Er du utlending mellom 16 og 55 år og har opphaldsløyve som gir grunnlag for permanent opphaldsløyve, skal kommunen gi deg opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Ordninga skal verke med til at du kan ta del i arbeidslivet. Til saman skal du ha opplæring i 600 timar. Opplæringa i samfunnskunnskap skal gå føre seg på eit språk som du forstår. Norskundervisninga skal gå føre seg på norsk. Du må ha gjennomført opplæringa for å få permanent opphaldsløyve og statsborgarskap.
Det skal lagast ein individuell plan. Planen skal ta utgangspunkt i opplæringsbehovet ditt. Har du rett til gratis opplæring (se nedanfor), skal du få tilbod om vidare gratis opplæring i norsk (i inntil 2 400 timar) dersom du har behov for det. Kommunen kan krevje at det blir gjennomført ein test for å slå fast om du har eit slikt behov.
|
Målgruppe
Utlendingar mellom 16 og 55 år som har opphaldsløyve som gir grunnlag for permanent opphaldsløyve. Dette inkluderer:
- asylantar
- overføringsflyktningar
- arbeidsinnvandrarar og familiemedlemmene deira
- personar med opphald på humanitært grunnlag og familiegjenforeinte til desse
- familiegjenforeinte med norsk eller nordisk borgar busett i Noreg
|
Pris for tenesten
Tenesta er gratis for personar mellom 16-55 år som har opphaldsløyve som gir grunnlag for permanent opphaldsløyve, bortsett frå for arbeidsinnvandrarar og familiemedlemmene deira. Dei må betale for opplæringa.
|
Brosjyrer, dokumentar, kart og liknande Et inkluderende språk - brosjyre Utlendingsdirektoratet
|
| Serviceerklæring |
| Regelverk |
Kommunen har plikt til å tilby denne tenesta.
Lover Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven) Lov om introduksjonsordning for nyankomne innvandrere (introduksjonsloven) kap. 4 Opplæring i norsk og samfunnskunnskap
Forskriftar Forskrift om Nasjonalt introduksjonsregister Forskrift om opplæring i norsk og samfunnskunnskap for nyankomne innvandrere
|
| Praktiske opplysningar |
Send søknaden til
Sandøy kommune
6487 Harøy
|
Saksbehandlingstid
Kommunen har plikt til å sørgje for opplæring i norsk og samfunnskunnskap så snart som mogleg og innan tre månader etter at krav om slik opplæring blir sett fram.
|
Høve til å klage
Du kan klage på vedtak om
- tildeling av opplæring
- vesentlege endringar i den individuelle planen
- at opplæringa blir stansa
- permisjon
Dette må skje innan ein frist på tre veker frå du fekk vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast.Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen let avgjerda bli ståande, blir saka send vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.
|