Oppreisning vert ikkje ytt for økonomisk tap. Plasseringar i fosterheim og private plasseringar i barne- og skoleheimar fell utanfor ordninga.

Kven deltek i ordninga?

30 av kommunane i fylket har slutta seg til ordninga. Dette er kommunane Aukra, Averøy, Fræna, Giske, Gjemnes, Halsa, Haram, Hareid, Herøy, Molde, Nesset, Norddal, Rindal, Sande, Sandøy, Skodje, Smøla, Stordal, Sula, Sunndal, Surnadal, Sykkylven, Tingvoll, Ulstein, Vanylven, Vestnes, Volda, Ørskog, Ørsta og Ålesund.

Møre og Romsdal Fylkeskommune administrerer ordninga på vegne av kommunane, og eit uavhengig utval på tre personar skal avgjere søknadane om oppreisning. Det skal leggast vesentleg vekt på søkaren si eigenmelding.  Det er difor særs viktig å gjere greie for omstende som ligg til grunn for kravet om oppreisning.

 

For meir informasjon, samt søknadsskjema, klikk på lenkja:

http://mrfylke.no/Tenesteomraade/Oppreisningsordninga