Helse - og omsorgstenester var ansvarleg for gjennomføriga av kurset, men med godt samarbeid med tekniske tenester og barnehagen. Dette då mange av dei tema som vart gjennomgått er generell kunnskap ein treng i arbeidslivet.

Ved bruk av lokale undervisningskrefter fekk dei unge undervisning i ei rekkje tema som: Introduksjon til arbeidslivet, hygiene, brannvern, førstehjelp, reinhald, teieplikt osv.

Det var tema nærare knytta til helse- og omsorgstenester som: Enkel sjukdomslære, møte med pårørande, døden, sorg osv. Ein hadde òg praktiske øvingar som forflytning, stell av sjuke og hjelp i måltidssituasjon.

Ein ønskjer med dette å kunne førebu både dei unge og arbeidsplassane til å ta i mot ungdommar som søkjer sommarjobb i kommunen. Det er og ei von at dette kan vere eit kompetansefremjande tiltak som med tida kan rekruttere ungdommar inn i fast arbeid i Sandøy kommune.

Trass i at det var vinterferie var det ein positiv og opplagt gjeng med ungdommar som det var ei glede å samarbeide med.

 

Situasjonsbileter frå kurset: