Hopp til hovedinnholdet på siden Hopp til nettstedskarta Hopp til kontaktinformasjon
Bile av Harøy med hav og fjell i bakgrunnen
Du er her: Hjem > Politikk > Ordførar

Ordførar 2011 - 2015

    hans endre sæterøy 2

 

 

 

 

 

  

Ordførar Hans Endre Sæterøy - Høgre

Tlf. Rådhuset     71 27 75 05

Mobil                   906 98 888

E-post:               Hans Endre Sæterøy

Som ordførar i Sandøy kommune dei neste 4 åra ser eg fram til å få vere til stades for alle innbyggjarane i kommunen, slik at både nyinnflytta, veletablerte og besøkande skal få møte ei opa dør hos meg. Eg føler meg privilegert som no skal ta til på denne oppgåva. Eg ynskjer å vere ein person som folk her kan vere stolte av. For å klare det, treng eg tilbakemeldingar frå innbyggjarane.

Eg vil at dei som har gode idear, dei som har noko på hjartet eller dei som rett og slett vil ha ein prat, tek turen til rådhuset.
 
Som mine forgjengarar er eg også opptatt av at vi skal klare å oppretthalde eit tenestetilbod som innbyggjararane kan vere nøgde med.
Vi vil nok få mange utfordringar framover når det gjeld kommunen sin økonomi, ikkje minst fordi verdsøkonomien har så sterk påverknad heilt fram til vår kommune.
 
Vi har tatt på oss mange tunge økonomiske kostnader som vil gå langt inn i framtida. Sandøyhagen, ny barnehage og ikkje minst Nordøyvegen vil gje oss store utfordringar framover. Dette er saker vi har sagt at vi ynskjer å bruke pengar på. For meg er det då spanande og utfordrande å få vere med å løyse desse oppgåvene.
Nye og spanande prosjekt i framtida vil òg komme til å påverke økonomien til kommunen, og korleis vi vil utvikle oss vidare. Stikkord som vindkraft, interkommunalt samarbeid, samhandlingsreforma, kommunikasjonar, bu og arbeidsmarknad, tilflytting/fråflytting og nyskapte arbeidsplassar vil heilt sikkert bli tema som vi må ta stilling til også i denne perioden.
 
Ved å møte framtida med positivitet, stoltheit og glød, vil vi klare å ha ein spanande og interessant kommune å bu i også i framtida. Dette er noko eg vil prøve å vere ein pådrivar for.
 
Lat oss dyrke oss sjølve og ikkje minst frivilligheita, som er så viktig for samfunnet vårt.
Vi må ta vare på eldsjelene som vi har, dei som verkeleg bruker av seg sjølv til glede for seg sjølve og andre. Lat dei få hjelp og rom til å halde på så lenge dei ynskjer.
 
Vi har også, kvar enkelt av oss, ei viktig oppgåve med å ta vare på og inkludere dei som fell utanfor fellesskapet av ymse årsaker, dei som manglar eit nettverk rundt seg, dei som føler seg åleine.
Saman skal vi klare å bygge vidare ein god kommune med høg trivselsfaktor og tryggleik og ikkje minst, nulltoleranse for mobbing. Her skal vi føle at alle har same likeverd, ung som gamal.