Ordførar 2007 - 2011
Ordførar Oddvar Myklebust - Arbeiderpartiet
Tlf. Rådhuset 71 27 75 05
Tlf. privat 71 27 60 38
Mobil 906 58 452
E-post: oddvar.myklebust@sandoy.kommune.no
Som ordførar ynskjer eg innspel frå innbyggjarane i Sandøy kommune av politisk karakter, eller andre ting som du meiner at ordføraren bør arbeide med.
Ordføraren tek meir enn gjerne imot besøk på kontoret.
For å formidle informasjon har Sandøy kommune no ei svært bra nettside som eg håper vil bli flittig nytta - her finn du informasjon om det meste som skjer i Sandøy kommune.
Sandøy kommune står framfor store utfordringar i åra som kjem, ikkje minst gjeld det den økonomiske sida.
Av utbyggingar er Sandøyhagen det største og viktigaste løftet. Dette er ei investering på 62 mill. kroner, eit beløp som er ufatteleg stort for ei lita kommune som Sandøy. Når skulen står klar til innflytting hausten -09, vil dette gje ein giv for elevar, lærarar og foreldre.
Av planarbeid er det Prosjekt omsorg 2015 som vil ta mykje tid og som vil bli ein krevjande prosess som vil ha store utfordringar i seg der økonomi skal syast saman med framtidas omsorgsbehov, personell- / rekrutterings-/ kompetanse- og bygningsmessige investeringsbehov.
Nordøyvegen er på langt nær på plass, her gjenstår meir arbeid enn ein har fått inntrykk av. Det vil bli ein krevjande prosess å få den siste økonomiske biten på plass.
Den økonomiske sida ved drifta av Sandøy kommune vil gi oss den største utfordringa. Driftsbudsjettet er større enn det dei økonomiske rammene gir oss - vi lever på lånt tid. Vi klarer oss nok dei næraste to-tre åra, men etter den tid må vi få inn ekstraordinære midlar om ikkje dei økonomiske rammene frå staten vert endra til det positive.
For å nå våre mål om at Sandøy kommune kan vere ein attraktiv, trygg og god kommune å leve og bo i, at det skal vere fristande å kome hit for nye medarbeidarar i privat og offentleg sektor, må vi alle samarbeide.
For å få til eit godt samarbeid må vi vere positive til arbeidsplassen, vi må ha positive samtalar kollegaer i mellom og vi må markedsføre vår kommune på ein positiv måte.
