Om organisasjonen Sandøy kommune
Med sine om lag 170 tilsette, fordelt på knapt 130 årsverk, er Sandøy kommune den største bedrifta i dette øysamfunnet.
Verksemda er organisert i 7 resultateiningar etter kva tenester som vert produserte og oppgåver utførte.
omfattar barnehageverksemda
omfattar helsestasjon, miljøretta helsevern, legeteneste, fysioterapi, sjuke-og skjerma avdeling i institusjon, storkjøkken og PPT
omfattar bibliotek, kulturelle stønadsordningar, kulturvern, prosjektet gards- og ættesoga og kulturskulen
omfattar heimesjukepleien, pleie og omsorg funksjonshemma, matombringing, møteplass, kortidsopphald og rehabilitering
har eit meir overordna og samordnande forvaltningsansvar med funksjonane rådmannskontor, rådgjevingsteneste, sørvistorg og økonomikontor
omfattar sosiale stønadsordningar, edruskapsvern og barnevern
omfattar kommunale bygg, utleigebustader, jordbruk, feiing, oppmåling, bygge- og reguleringssaker, vassforsyning, renovasjon, brannvern, infrastruktur, vedlikehald av veg- og gatelys
omfattar grunnskule, SFO og vaksenopplæring
Sandøy kommune sin organisasjonsmodell er den såkalla flate strukturen. Det vil seie to forvaltningsnivå med direkte line frå leiarane av dei ulike einingane til rådmannen.
Rådmannen har delegert fullmakter til einingsleiarane på område som økonomi, sakshandsaming, innkjøp, tilsetjing og oppseiing for å kunne ta avgjerdsler nærast muleg dei sakene vedkjem.
Einingsleiarane rapporterer frå sine verksemdsområde direkte til rådmannen som igjen rapporterer til kommunestyret.
Sandøy kommune har utarbeidd og vedteke arbeidsgjevarpolitiske prinsipp, retningsliner og tiltak.
Hovudmålet er formulert slik:
Sandøy kommune skal ha motiverte og myndiggjorte medarbeidarar som skaper gode tenester i takt med innbyggjarane og omgjevnader.
Medarbeidarane skal oppleve kommunen som ein attraktiv og utviklande arbeidsstad.
