Sandøy kommune har om lag 240 ansatte, fordelt på 127 årsverk.

Verksemda er organisert i 5 resultateiningar etter kva tenester som vert produserte og oppgåver utførte.

Sentraladministrasjonen

har eit meir overordna og samordna forvaltningsansvar med funksjonane rådmannskontor, rådgjevingsteneste, sørviskontor og økonomikontor. Alt som er organisert under rådmannen har fellesnemninga Stab/støtte. I tillegg er dei kommunale legetenestene organisert under rådmannen.

Helse og Omsorgtenester 

omfattar helsestasjon, fysioterapi, PPT, storkjøkken, sjuke og skjerma avdeling i instutisjon, heimesjukepleie, pleie og omsorg funksjonshemma, kortidsopphald, rehabilitering, matombringing og møteplass.

Oppvekst og Kulturtenester

omfattar barnehageverksemd, grunnskule, SFO, vaksenopplæring, kulturskule, bibliotek, kulturelle stønadsordningar, kulturvern, ungdomsklubb og maritimt aktivitetssenter.

NAV/Sosiale tenester

omfattar barnevern, sosiale stønadsordningar og edruskapsvern.

Tekniske tenester

omfattar kommunale bygg, utleigebustader, jordbruk, feiing, oppmåling, bygge - og reguleringssaker, vassforsyning, brannvern, infrastruktur, vedlikehald av veg- og gatelys.

 

Sandøy kommune sin organisasjonsmodell er såkalla flat struktur. Det vil seie to forvaltningsnivå med direkte line frå leiarane av dei ulike einingane til rådmannen.

Rådmannen har delegert fullmakter til einingsleiarane på områder som økonomi, saksbehandling, innkjøp, tilsetjing og oppseiing for å kunne ta avgjerdsler nærast muleg dei sakene vedkjem. Einingsleiarane rapporterer frå sine verksemdsområder direkte til rådmannen som igjen rapporterer til kommunestyret.

Sandøy kommune har utarbeidd og vedteke arbeidsgjevarpolitiske prinsipp, retningslinjer og tiltak.

 

Hovudmålet er formulert slik:

Sandøy kommune skal ha motiverte og myndiggjorte medarbeidarar som skaper gode tenester i takt med innbyggjarane og omgjevnader. Medarbeidarane skal oppleve kommunen som ein attraktiv og utviklande arbeidsstad.