Slik er Sandøy kommune sin organisasjon bygd opp
Sandøy kommune har gjennom sin arbeidsgjevarpolitikk beskrive eit knippe grunnleggande verdiar og utfordringar som leiarar og tilsette skal ha med seg i arbeid, samhandling og omgang med kollegaer og medarbeidarar
LEIAR- OG TILSETTFILOSOFI
Leiinga skal:
1) sørgje for at kommunen når sine mål
2) ta ansvar for å utvikle kommunen sine oppgåver og
tenester i eit framtidsperspektiv
3) vere effektiv, fleksibel, brukar- og endringsorientert
4) ta ansvar for eiga fagleg og personleg utvikling
5) ha fokus på medverknad, samhandling og samarbeid
6) gi mynde og ansvar til medarbeidarane og etterspørje
resultat og måloppnåing
7) nyttegjere den enkelte sin kompetanse både fagleg og
menneskeleg
8) sjå, ivareta og respektere kvar enkelt medarbeidar
9) legge til rette for at vi får ein organisasjon der alle
har tru på det vi gjer og har evne og vilje til endring
og utvikling
Tilsette i Sandøy kommune:
1) arbeider aktivt for at kommunen skal nå sine mål
2) legg vekt på å utføre og vidareutvikle gode tenester
3) tek ansvar, er effektive, fleksible, brukar- og
endringsorienterte
4) nyttar sine ressursar, sin energi, og kreativitet til det
beste for arbeidsoppgåvene, arbeidsmiljøet og kollegaene
5) tek ansvar for si eiga faglege og personlege utvikling
