Sandøy kommune skal

- Legge til rette for utvikling av det eksisterande næringslivet, og stimulere til etablering av nye livskraftige arbeidsplassar

 

- Utvikle gode levevilkår for alle, med særleg fokus på barn og unge. Det førebyggande folkehelsearbeidet skal tilleggast stor vekt

 

- Sikre gode samferdselstilhøve, stabil tilførsel av straum og vatn og framtidige krav til datakommunikasjon

 

- Sjølv vere med på å avklare og definere kommunesamfunnet sin plass og si rolle i framtida

 

- Sikre og utvikle eit mangfaldig kulturliv som kan høgde trivselen og samhaldet i lokalsamfunnet. Kommunen skal ivareta kulturlandskapet,   kulturminne og kulturmiljø og ein berekraftig natur

 

- Tryggje og utvikle tenestetilbodet for alle innbyggjarar i kommunen

 

- Gjennom planlegginga si legge til rette for ei positiv utvikling i folketalet. Kommunen skal forvalte land- og sjøarealet på ein måte som tener næringsutvikling, busetjing, trivsel og oppleving