Hopp til hovedinnholdet på siden Hopp til nettstedskarta Hopp til kontaktinformasjon
Bile av Harøy med hav og fjell i bakgrunnen
Du er her: Hjem > Kommuneorganisasjon > Overordna mål

OVERORDNA MÅL FOR SANDØY KOMMUNE

 

14. juni 2006 vedtok Sandøy kommunestyre arbeidsgjevarpolitisk dokument for den kommunale verksemda.

Punkta under uttrykkjer korleis dei folkevalde, administrasjon og tilsette skal bidra til kommunesamfunnet si velferdsutvikling.

 

   õ Sandøy kommune skal, som samfunnsbyggjar, legge til rette for 

                      eit inkluderande fellesskap.   

   

   õ Sandøy kommune vil bidra til å ta vare på kulturlandskapet og

                      legge til rette for ein berekraftig bruk av naturen vår.

 

   õ Sandøy kommune vil vere med på å bidra til nyskaping og legge 

                      samfunnsforholda til rette slik at næringslivet kan utvikle seg.

 

   õ Sandøy kommune vil fremje gode levevilkår for alle, med særleg

                      fokus på unge i etablerarfasen.

 

   õ Sandøy kommune vil fremje eit mangfaldig kulturliv som kan

                      høgde trivselen og  samhaldet i lokalsamfunnet.

 

   õ Sandøy kommune skal, innanfor sine rammer, yte trygge og   

                      fleksible tenester for innbyggjarane.