Dette løyve gjev rett til å parkere på plassar reservert for forflyttningshemma og rett til fri parkering på offentlege avgiftsplassar.

Søknad

Du fyller ut eit enkelt søknadskjema og leverer eller sendre det til sørvistorg saman med ei erklæring frå legen din. Søknad skjema kan du enten hente på sørvistorg eller skrive ut her. Du må og levere med eit passbilde som skal limast på kortet.

Vilkår

Reglane for å få parkeringsløyve er vedtekne av Samferdselsdepartementet og veidirektorartet. Løyve vert gjeve for ei avgrensa tid. Skal du fornye løyvet, og har ein vesentleg skade av livsvarig karakter, trengs det ikkje ny legeerklæring. Parkeringskortet følgjer personen og ikkje bilen. Kortet må ligge godt synleg i frontruta på bilen.

Søknadsskjema kan hentast på Sørvistorg.