Hopp til hovedinnholdet på siden Hopp til nettstedskarta Hopp til kontaktinformasjon
Bile av Harøy med hav og fjell i bakgrunnen
Du er her: Hjem > Tenestekatalog > Tenester A-Å

Parkeringsløyve for rørslehemma

Parkeringsløyve blir gjeve til bilførar eller passasjer som har særleg behov for parkeringslette knytt til bustad, arbeid og annan aktivitet. Ein får til vanleg løyve for 2-5 år.

Parkeringsløyve gir deg rett til å parkere på offentleg skilta og reservert parkeringsplass utan at du betaler avgift, og utan at du behøver å følgje den lengste fastsette parkeringstida (dersom det ikkje er gitt melding om anna). 

Målgruppe
Personar som ikkje kan gå eller som har store vanskar med å gå over ei viss lengd.
Pris for tenesten
Brosjyrer, dokumentar, kart og liknande
Serviceerklæring
Regelverk
Kommunen pliktar å sørgje for denne tenesta.

Lover
Forvaltningsloven

Forskriftar
Forskrift om parkering for forflytningshemmede
Praktiske opplysningar
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om parkeringsløyve.
Skjema

Søknadsskjema får du ved sørvistorget


Vedlegg
Legeerklæring
Søknadsfrist
Ingen søknadsfrist
Send søknaden til

Sandøy kommune

6487 Harøy

Saksbehandlingstid
Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.
Høve til å klage
Dersom kommunen avslår søknaden, kan du klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du oppgje kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er klagenemnda i kommunen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til endre det. Dersom vedtaket blir halde ved lag, vil saka bli sendt til klagenemnda.