PP-tenesta |
|
Den pedagogisk-psykologiske tenesta (PPT) skal sørgje for at det blir utarbeidd ei sakkunnig vurdering der lova krev det. Dette gjeld først og fremst vurdering om behov for spesialpedagogisk hjelp for born i førskulealder og behov for spesialundervisning for elevar i grunnskulen, vidaregåande skular og i vaksenopplæring på grunnskulen sitt område.
Opplæringslova krev også sakkunnig vurdering i ein del andre tilfelle, mellom anna
- tidlegare eller utsett skulestart
- fritak frå opplæringsplikta
- teiknspråkopplæring
- punktskriftopplæring for blinde og sterkt svaksynte elevar
- søknad om inntil to års ekstra vidaregåande opplæring
- søknad om inntak på særskilt valt utdanningsprogram på vidaregåande trinn 1
|
Målgruppe
Barn, ungdom og elevar som ikkje har eller ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet.
|
Kriterium/vilkår
Du har ikkje eller kan ikkje få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet.
|
Pris for tenesten
|
Brosjyrer, dokumentar, kart og liknande
|
| Serviceerklæring |
| Regelverk |
Alle kommunar og fylkeskommunar skal ha ei pedagogisk-psykologisk teneste.
Lover Opplæringslova § 5-6 Opplæringslova § 5-7
Forskriftar Forskrift til opplæringslova
|
| Praktiske opplysningar |
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
Born/elevar under 15 år blir tilvist av føresette sjølve eller i samråd med barnehage/skule/helsestasjon. Unge over 15 år kan ta initiativ til tilvising sjølv, eventuelt i samarbeid med skulen.
|
Skjema
Du kan kontakte kommunen for å få hjelp med tilvisinga.
|
Søknadsfrist
Tilvisingar blir behandla etter kvart som dei kjem inn.
|
Send søknaden til
Sandøy kommune
6487 Harøy
|
Sakshandsaming
Uttalen frå PPT er eit ledd i saksførebuinga før det blir gjort vedtak om spesialundervisning o.a.
|
Saksbehandlingstid
Førespurnader om tilvising blir behandla etter kvart som dei kjem inn.
|