PPT har teieplikt.

PP-tenesta samarbeider nært med, og gir rettleiing til elevar, foreldre/føresette, tilsette i barnehagar, skular og vaksenopplæring.  Vi samarbeider òg tett med ulike hjelpetenester som t.d. helsesøster, barnevern og barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk for å sikre barn og unge eit heilheitleg opplæringstilbod.

PPT er kommunane sin sakkunnige instans når det gjeld vurdering av rett til spesialundervisning og spesialpedagogisk hjelp. Vi kan gi råd og rettleiing både til foreldre/føresette og tilsette i barnehage og skule om nyttige tiltak for å gi barnet/eleven god opplæring.

PPT arbeider både med individ- og systemsaker knytt til område som t.d.:

  • Skulefag (t.d. matematikk, lesing og skriving)
  • Språk og tale
  • Tilpassing
  • Sosial og emosjonell fungering
  • Nedsett  funksjonsevne
  • Gode klasse- og skulemiljø

Tilmelding til PPT skjer som regel enten frå barnehagen eller skulen i samarbeid med foreldre.

Kontakt oss