bA 6gAAAABJRU 5ErkJgggA=

 

Ålesund Pride arrangeres for første gang 30. august til 02. september. FRI Ålesund og Ålesund Sentrumsforening arrangerer Ålesund Pride for å markere kjærleik, mangfold og toleranse.

Kommunane i Region Ålesund deltek med flaggheising for å markere eit lokalsamfunn som møter mennesker med respekt og toleranse.

Tysdag 28. august kl. 11:30 vert det offisiell opning i Ålesund. I Sandøy markerer vi dette med å heise regnbogeflagget klokka 12:00 utanfor Sandøy rådhus.

 

Gay pride, eller Pride (engelsk for "homofil stoltheit") står for følgande budskap:

  • Ver stolt av di seksuelle orientering og kjønnsidentitet
  • Seksuelt mangflad er eit gode
  • Seksuell orientering om kjønnsidentitet er ikkje noko som bevisst kan endrast

 

Pride- paradar blir arrangert over heile verda og våren 2018 vart det for første gang arrangert i Volda. Dette vart stor suksess, medan arrangørane var spent på om det kom folk til paraden, viste det seg at lokalmiljøet støtta varmt opp og tusenvis møtte.

No er det Ålesund som står for tur, med program frå 30. august til 2. september. I Sandøy vert det ingen parade eller arrangement, men vi ønsker å vere med på å setje fokus på fellesskap og friheita til å vere den ein er, derfor heiser vi regnbogeflagget tysdag 28. august kl. 12:00! Blir du med?

Heile programmet for Ålesund Pride finn du i facebookarrangementet