Hopp til hovedinnholdet på siden Hopp til nettstedskarta Hopp til kontaktinformasjon
Bile av Harøy med hav og fjell i bakgrunnen
Du er her: Hjem > Tenestekatalog > Tenester A-Å

Produksjonstilskot i jordbruket

Alle gardbrukarar kan søkje om produksjonstilskott. I produksjonstilskottet inngår ei gruppe ordningar som kan gjevast til drift av jordbruksareal, grønt- og potetproduksjon og husdyrhald etter satsar fastsett i eller i medhald av jordbruksoppgjeret. Formålet med produksjonstilskott er å bidra til eit aktivt og berekraftig jordbruk.

Målgruppe

Landbruksføretak som driv vanleg jordbruksproduksjon.

Kriterium/vilkår

Produksjonstilskott kan gjevast til føretak som driv vanleg jordbruksproduksjon dersom verksemda er registrert i Einingsregisteret og

  • er registrert som meirverdiavgiftspliktig og kan levere årsoppgåve som landbruksføretak, eller
  • har hatt ein samla omsetnad og uttak av avgiftspliktige varer og tenester på til saman minimum kr 20 000 i løpet av dei siste 12 månadane før registreringsdato

Føretak som berre søkjer tilskott til birøkt, er unnateke kravet om å drive vanleg jordbruksproduksjon. Det er elles avgrensingar knytt til driftsfellesskap og eigarforhold. Tilskott blir gjeve etter satsar, sonar og definisjonar fastsett i eller i medhald av jordbruksoppgjeret.

Pris for tenesten
Brosjyrer, dokumentar, kart og liknande
Serviceerklæring
Regelverk
Jordlova §§ 3 og 18

Lover
Jordlova

Forskriftar
Forskrift om produksjonstilskudd i jordbruket
Praktiske opplysningar
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
Kommunen avgjer søknader om produksjonstilskott. Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om tilskottet.

Kontaktperson er Helga Færøy i Haram.

tlf. 70207632 eller e-post helga.feroy@haram.kommune.no

Skjema
Statens landbruksforvaltning har gjort denne elektroniske tenesta tilgjengeleg i Altinn.
Hvordan logge deg på SLFs elektroniske tjenester i Altinn?
Produksjonstilskudd i jordbruket
Søknadsfrist
Gjeldande søknadsfrister er 20. august og/eller 20. januar, avhengig av kva for produksjonar det blir søkt om tilskott til.
Send søknaden til
Kommunen avgjer søknader om produksjonstilskott.

Sandøy kommune

6487 Harøy

Høve til å klage
Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen i kommunen som har gjort vedtaket. Dette gjeld sjølv om du har mottatt melding om vedtaket frå Statens landbruksforvaltning. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir halde ved lag, vil saka gå vidare til Fylkesmannen.