Den 19.11.15 fatta kommunestyret vedtak om at Sandøy Kommune kan busette flyktningar frå hausten 2016. Det er no sett ned ei prosjektgruppe som består av Rådmann, einingsleiarane og prosjektleiar Lodvar Espeland. Dette er eit stort og omfattande arbeid, og mykje skal på plass før dei første flyktningane kan busetjast i kommunen. Det er utarbeidd ein prosjektplan for arbeidet, som igjen består av ulike delprosjekt der alle einingar i kommunen vert involvert - i større ller mindre grad.

Informasjon til innbyggjarane i kommunen er spesielt viktig i eit prosjekt som dette. Formannskap, kommunestyre, tillitsvalde og verneombod skal orienterast om framdrifta i prosjektet, men like viktig er informasjon til alle dei som ikkje er tilsette i kommunen. Prosjektleiar har kontor ved Rådhuset, ned trappa og til venstre ved sida av økonomikontoret.

Alle som ønskjer er velkomne for å høyre om planane så langt.

Oppdatert informasjon vert lagt ut på heimesida, og det vil også bli arrangert møteforum/ folkemøte i løpet av prosjektperioden.

 

IMG_0593.JPG

Kontaktinformasjon:

Prosjektleiar Lodvar Espeland

Telefon: 71277500 /  71277517(direkte)

E-post: lodvar.espeland@sandoy.kommune.no