Sandøy kommune inviterer innbyggjarar i Sandøy kommune til å bli med på kartlegging av friluftsområde. Har du kunnskapar om plassar for friluftsliv der du bur, er du oppfordra til å stille på ein av kartleggingsverkstadane vi skal ha i ulike delar av kommunen.
Sandøy kommune treng hjelp til å få kartfeste kva areal som er brukt til turar i nærmiljøet, andre utfartsområder, fiskeplassar frå land, badeplassar med meir. Kanskje du har kunnskapar om dette du vil dele med oss?
Kartlegging av friluftsområde i kommunane er ein del av eit nasjonalt program. Prosjektet er initiert av Miljødirektoratet, og vi samarbeider både med Møre og Romsdal fylkeskommune og Friluftsrådet.
Arbeidet i Sandøy kommune vert sluttført hausten 2019. Vi er også interessert i kunnskap om kulturminne, det skal seinare i år lagast ein kulturminneplan for Sandøy. Men primært er det friluftsområde som står i fokus på desse møta. På Harøya vert det eit møte seinare om kulturminne, medan begge tema vert tatt opp på Sandøya og Ona.

I møta vert det ei kort innleiing om arbeidet. Rådgjevar Lodvar Espeland, rådmann Anny Sønderland og einingsleiar Anita Øen vil vere til stades frå kommuneadministrasjonen.