Hopp til hovedinnholdet på siden Hopp til nettstedskarta Hopp til kontaktinformasjon
Bile av Harøy med hav og fjell i bakgrunnen
Du er her: Hjem > Einingar og tenester > Sørvistorget > Rådgjevingstenesta

Rådgjevingstenesta

 200px Globe  Rådgjevingstenesta for nytilflytta til Sandøy kommune finn du på Rådhuset

Lodvar Espeland er tilsett som rådgjevar og skal i tillegg ha ansvaret for vaksenopplæringa. Tenesta er oppretta som ein konsekvens av at folk frå mange ulike nasjonalitetar har flytta til kommunen dei siste åra.  Kommunen ynskjer derfor å legge tilhøva best muleg til rette, til beste både for lokalbefolkninga og våre nye naboar.

Her kan både norske og utlendingar få råd og veiledning om:

  • arbeidstidsbestemmelser
  • lover og reglar på utlendingsfeltet
  • sedvane og uskrevne reglar i samfunnet
  • Sandøy kommune - rettleiing om dei ulike tenestene
  • å bu i kommunen - fritidstilbod for barn og vaksne
  • rettigheiter og pliktar.

Tenesta skal og kunne vere støttespelar for tilsette og leiarar i kommunen, og vere det same for ledelse og tillitsvalde i dei bedriftene som har utanlandsk tilsette.

Opningstider - Rådhuset, kontor i 2. høgda - tlf. 71 27 75 13

Tysdag  kl. 08.00 - kl. 15.00  

Torsdag kl. 11.00 - kl. 15.00

Fredag   kl.11.00 - kl. 15.00

Norskundervisning

Trinn 1        Onsdag kl.16.30 - kl.19.00

Trinn 2        Onsdag kl.19.00 - kl.21.30

Trinn 3        Fredag kl.08.00 - kl.11.00

Torsdagar mellom kl.08.00 til kl.11.00 er det ope for alle grupper.

Alternativt blir denne tida disponert til ei ny oppstartgruppe, dersom behovet tilseier det.

Undervisning for alle grupper i Sandøyhagen

 

 

 

Relaterte artikler

Vaksenopplæringa