Rådmannen er den øvste leiaren for kommunen sin administrasjon og har det overordna juridiske og økonomiske ansvaret for den daglege drifta.

Rådmannen skal:

  • leie og samordne den administrative verksemda
  • utgreie saker til politisk behandling
  • sørgje for at politiske vedtak vert sett i verk
  • rapportere jamleg om drift og økonomi til kommunestyret
  • utarbeide forslag til budsjett og handlingsplanar

 

For å sikre rask saksgang og god brukarsørvis, har kommunestyret vedteke å delegere definerte fullmakter til rådmannen som igjen har vidaredelegert ansvar til einingsleiarane. Dette for å ivareta prinsippet om avgjersler nærast muleg brukar.

Einingsleiarane skal rapportere jamleg om drift og økonomi frå sine verksemder til rådmannen.