FERJE/HURTIGBÅT

 
  1. Ferjene B/F Dryna i rute A eller B/F Harøy i rute B frå Brattvåg/Haram med Ålesund som nærmaste by. Fjord1 driftar sambandet - rute 22 i ruteheftet.
  2. Ferja B/F Kvaløy frå Småge/Aukra med Molde som nærmaste by. Torghatten Nord driftar sambandet - rute 32 i ruteheftet.
  3. Hurtigbåt, Ålesund - Nordøyane. Boreal driftar hurtigbåtsambandet mellom Ålesund og Nordøyane - rute 24 i ruteheftet.
 
BUSSRUTER
Det går bussruter frå Ålesund og Molde som korresponderer med ferjeavgangar til kommunen vår og busstransport frå ferjeleiet på Finnøya eller Myklebust til det endelege,lokale reisemålet er eit veleigna alternativ.
Rutetabell frå Molde, klikk her. Rutetabell frå Ålesund, klikk her  (tur=Brattvåg-Ålesund, retur=Ålesund-Brattvåg). For å få oversikt over ruteoppsettet på Harøya/Finnøya klikkar du her.
                                                                                                                                                                                                                

SJØDROSJA "STØRKÅ"

Dersom desse transportalternativa ikkje høver, er det muleg å leige sjødrosja STØRKÅ, ein passasjerbåt som er sertifisert for 8 reisande.
Ring 91 51 05 53 for avtale.
                                                                                                                         

LANDDROSJA NYE HARØY-TAXI

Når du er vel komen over fjorden, er billaus og treng landbasert transport, kan HARØY-TAXI bringe deg raskt og greitt til destinasjonen din.
Ring 993 32 062.
 

FLYRUTER

Sandøy kommune har ingen flyplass, men  Ålesund og Molde har. Både SAS og Norwegian flyg til og frå begge destinasjonane.
  

VEGNETTET

Om du er langvegsfarande og skal ta deg fram langs vegnettet med bil, kan Google hjelpe deg med å finne vegen til oss.