Rusmiddelmisbrukarar - tiltak |
|
Misbruker du eller er avhengig av alkohol eller andre rusmiddel, kan du få hjelp til å komme bort frå misbruket/vanebruken. Vi gjev òg råd og hjelp til familien. Du har elles krav på dei same tenestene etter helse- og omsorgstenestelova som alle andre.
|
Målgruppe
Rusmiddelavhengige og familiane deira
|
Kriterium/vilkår
Dersom du ikkje er motivert for eit behandlingsopplegg med tanke på å bli rusfri på det aktuelle tidspunktet, skal kommunen kunne tilby deg andre støttetiltak.
|
Pris for tenesten
|
Brosjyrer, dokumentar, kart og liknande AKAN Anonyme Alkoholikere RIO - Rusmisbrukernes interesseorganisasjon Rustelefonen
|
Samarbeidspartnarar
- Primærhelsetenesta
- Spesialisthelsetenesta
- Fylkesnemndene for sosiale saker, som er statlege organ under Barne- og familiedepartementet, behandlar tvangssakene innanfor rusomsorga
|
| Serviceerklæring |
| Regelverk |
Dette er ei lovpålagd teneste.
Lover Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. (helse- og omsorgstjenesteloven) § 3-1 - Kommunens overordnede ansvar for helse- og omsorgstjenester
|
| Praktiske opplysningar |
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om denne tenesta. Du har rett til å la næraste pårørande hjelpe deg med søknaden. Andre kan òg hjelpe deg. Det kan til dømes vere ein nabo. Men da må du gje ei skriftleg fullmakt som blir lagt ved søknaden. Dersom du ønskjer plass i behandlingsinstitusjon, kan fastlegen din hjelpe deg med å søkje om dette.
|
Vedlegg
Eventuell fullmakt
|
Send søknaden til
Sandøy kommune
Sosiale tenester
6487 Harøy
|
Sakshandsaming
Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket ender.
|
Saksbehandlingstid
Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.
|
Høve til å klage
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.
|