AAAAAElFTkSuQmCC

Marint søppel

- Interessa for å vere med å rydde marint søppel dei siste åra har vore overveldande. Vi håper at mange vil vere med å rydde i 2019 også, og oppmodar alle som har ein god idè til eit prosjekt for å rydde søppel på strender og langs elver og vassdrag om å søkje støtte frå Miljødirektoratet, seier Frank Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

 

Marin forsøpling er ein av dei store miljøutfordringane vi har, og omfanget ser ut til å auke. Marint avfall utgjer ein stor risiko for dyre- og fugleliv og medfører kvart år betydlege kostnadar for samfunnet.

Kva kan det søkjast støtte til?

Miljødirektoratet gir økonomisk støtte til opprydding i strandsona, langs elver, vatn og innsjøar der dette hindrar tilsig av avfall til havet.

  • Frivillige kan søkje støtte til koordinering av ryddeaksjonar og transport og innlevering av marint avfall til godkjent mottak, inkludert fjerning av eigarlause fritidsbåtar
  • Prosjekt som har ein forebyggande effekt kan også få støtte. Det gjeld for eksempel informasjons- og rettleiingsmateriell, haldningskampanjer og workshops.
  • Det kan også søkjast støtte til metodeutvikling som bidreg til meir effektiv opprydding av marin forsøpling over heile landet.

Søknadsskjema om tilskot til tiltak mot marin forsøpling.

Frist for å søkje tilskot er innan 31. januar 2019.

 

Kven kan søkje?

  • Frivillige og ideelle organisasjonar og stiftelsar registrert i enhetsregisteret
  • Private verksemder som ikkje er enkeltmannsforetak
  • Sjølvstendige kommunale/ interkommunale selskap og samarbeidsorgan, slik som avfallsselskap og friluftsråd

Minste søknadssum er 300 000 kroner.

 

Det fins også ei refusjonsordning for mindre ryddeprosjekt, som vert administrert av Hold Norge Rent.

 

Sunnmøre Regionråd IKS