Hopp til hovedinnholdet på siden Hopp til nettstedskarta Hopp til kontaktinformasjon
Bile av Harøy med hav og fjell i bakgrunnen
Du er her: Hjem > Tenestekatalog > Tenester A-Å

Salsløyve alkohol

Salsløyvet gjeld for sal og utlevering av drikk som inneheld over 2,5 og høgst 4,7 % alkohol. Løyvet blir gjeve for maksimum fire år om gongen. Løyvet fell bort ved overdraging av verksemda. Verksemda kan likevel halde fram på det tidlegare løyvet i inntil tre månader. Føresetnaden er at løyvemyndigheitene er underretta om dette og at det blir søkt om nytt løyve så snart som råd og seinast innan 30 dagar etter overdraginga.

Målgruppe

Salsløyve kan søkjast av firma/personar som ønskjer å drive sal og utlevering av alkoholhaldig drikk som skal drikkast utanfor salsstaden.

Kriterium/vilkår

Sal av alkoholhaldig drikk kan berre skje på grunnlag av løyve etter alkohollova. Det blir kravd ulasteleg vandel. Løyvehavaren skal utpeike ein styrar med avløysar som er knytt til salsstaden. Begge må ha stått til kunnskapsprøven om alkohollova. Begge personane må vere over 20 år, dei må arbeide i verksemda og dei må oppfylle dei krava som blir sette i alkohollova og serveringslova. Løyve tildelast etter skjønn.

Bensinstasjonar eller kioskar kan ikkje få salsløyve.

Pris for tenesten

Gebyr for løyvet reknast ut etter satsane i alkoholforskriften § 6-2.  Satsen er 0,17 kr pr. vareliter for alkoholhaldig drikk i gruppe 1, og med årleg minstegebyr på kr 1 200.

Kommunen kan i særlege tilfelle fastsetje at gebyret skal vere lågare.

 


Bevillingsgebyr - brosjyreBevillingsgebyr - retningsliner
Brosjyrer, dokumentar, kart og liknande
Samarbeidspartnarar
  • Vaktselskap/kontrollørar
  • Lensmann/politi (skal uttale seg om vandelen til søkjaren og sentrale personar)
  • Skatte- og avgiftsmyndigheitene (skal kontrollere / uttale seg om at den som har løyvet, held seg etter skatte-, avgifts- og rekneskapslovgivinga)
Serviceerklæring
Regelverk

Lover
Alkoholloven

Forskriftar
Alkoholforskriften

Retningslinjer
Reglement for delegasjon etter alkohollova
Sals- og skjenkestader - Brot på alkohollova - retningsliner
Sals- og skjenkestader - retningsliner for kontroll
Sals- og skjenketider - reglement
Praktiske opplysningar
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Du må søkje skriftleg. Kommunen vil kunne hjelpe deg med søknaden. Du må setje deg inn i regelverket før du får salsløyve.

Skjema

Søknadsskjema får du ved sørvistorget.


Vedlegg
  • Planteikningar over arealet og funksjonane i lokalet
  • Dokumentasjon på stått kunnskapsprøve om alkohollova
  • Dokumentasjon på styraren/avløysaren si tilknytting til verksemda
  • Firmaattest frå Brønnøysundregistra
  • Eventuell skatteattest
Send søknaden til

Sandøy kommune

6487 Harøy

Sakshandsaming

Når søknaden er motteken i kommunen, blir det innhenta fråsegner frå politiet, sosialtenesta og skatte- og avgiftsmyndigheitene. Du får skriftleg melding om vedtaket.

Sandøy kommune har vedteke reglement for delegasjon av avgjerdsmynde i løyvesaker, jf ovanfor: "Reglement for delegasjon etter alkohollova".

Saksbehandlingstid

Behandlingstida i kommunen er rekna ut til om lag tre månader.

Høve til å klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.