Brann og ulykker meldast på tlf.: 110
 
 
Kontaktinformasjon
Brannsjef
Kim-Andrè Breivik
Tlf.: 71 27 75 20
Mobil 977 66 771
 
 
 
 
Utrykkingsleiar
Gerhard Strand Fitje
Tlf.: 71 27 75 22 
Mobil 950 42 690
 
 
 
 
Vakttlf. teknisk
 
Tlf.: 478 79 100
 
 
 
Førebyggande avdeling
Leiar er brannsjef  Kim-André Breivik.
Avdelinga tek seg av lovpålagde tilsyn, m.a. i spesielle bygningar (større industribedrifter, forsamlingshus, sjukeheim o l
 
Utrykkingsavdelinga
Leiar er brannsjef Kim-André Breivik.  Avdelinga har ansvaret for akutt forureining.
 
Skal du montere eldstad eller skorstein?
Eldstad omfattar bl.a. omnar for vedfyring eller anna fast brensel, peis, peisinnsats, parafinbrennar der dagtank er montert i same branncelle, kombinerte ved- og parafinbrennarar, open eldstad eller peisar for lokal oppvarming.  Også mura eldstader er omfatta. Skorstein/pipe er den vertikale delen av røykkanalen.
 
 
 
Organisering av feiing og tilsyn
 
 
Vi kjøper desse tenestene av Ålesund kommune.  Det blir feia kvart 2. år.
Det er berre bustadhusa som kjem inn under ordninga, men eigar av fritidshus kan teikne frivillig abonnement.
Tilsyn med piper og fyringsanlegg skal skje kvart 4. år.
 
Alt som kjem inn til sørvistorget eller tekniske tenester som omhandlar feiing, tilsyn, fyring, spørsmål om montering av eldstad, takstigar og stigar skal vidaresendast til den utførande feiaren. 
                                                                                                                                            
Dersom det ikkje er tilknytt fyringskjelde til pipa i bygget, kan du levere Erklæring om Pipe ikkje i bruk  til Sandøy kommune.  Denne erklæringa kan du ta utskrift av her.
 
Sandøy kommunestyre har vedteke:

Forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar, Sandøy kommune, Møre og Romsdal

 

Reglar for Jonsokbål m.m i Sandøy kommune
Sandøy kommune har reglar for bål i perioden 15. april - 15. september - i perioden det er landsdekkande forbod mot bruk av eld i skog og mark.
Les meir..

Fyrverkeri - Løyve til oppskyting

Det er berre lov å skyte opp fyrverkeri i tidsrommet frå kl. 18:00 - kl. 02:00 på nyttårsaftan.

Dersom du ønskjer å skyte opp fyrverkeri utanom nyttårsaftan, til dømes i samband med feiring av åremålsdagar, andre markeringar og jubileum, må du søkje brannvesenet og politiet om løyve til dette, jf søknadsskjema.

Det er politiet som etter politivedtektene for Sandøy, § 5.2, gjev løyve til slik oppskyting, og ikkje kommunen/brannvesenet.

Ved eit eventuelt løyve stiller politiet som regel følgjande vilkår:

* Starttidspunktet bør seinast vere kl. 22:45. Det skal normalt vere nattero kl. 23:00.

* Arrangøren skal så langt det let seg gjere kunngjere oppskytinga i nærmiljøet, evt. i media, slik at ålmenta (hundeeigarar) kan ta sine førehandsreglar

Kommunen må i tillegg stille som vilkår:

* At ein tek omsyn til vær- og vindtilhøve

* At oppskyting skal føregå på ein open plass, i trygg avstand frå bygningar

* Omsynet til generell brannfare ut frå årstida

Avgjerda om å gje løyve er eit enkeltvedtak etter forvaltningslova. Løyvet skal difor gjevast skriftleg.