BildeBilde

 
Bilde
Bilde
 
 
Areal: 1,03 km2
Folketal: omlag 20 fastbuande
Næringsliv: jordbruk og turisme
 
Her finn du dei kvitaste og mest innbydande sandstrendene i øysamfunnet vårt. Kommunen har namnet sitt frå denne øya, og var frå 1867 det første kommunesenteret.
Sandøykyrkja, bygd i 1812, etter sigende av egna rekved, er eit verna bygg og ber ein historisk dåm med stoltheit og eigenart.
Ved inngangen til kyrkja er det reist ein minnestein over liv havet tok.   
 
Mot aust er landskapet ope og vidfeimt. Vestsida eig ein topografi som minner om sørlandsk idyll, småe viker, svaberg, nærleik og utsyn.