Serveringsløyve |
|
Kommunen tildeler løyve til serveringsstader. Løyvet gjeld etablering og drift av serveringsstader der det skal vere servering av mat og/eller drikke, og der forholda ligg til rette for fortæring på staden.
Når serveringsstaden blir tatt over av ein annan, fell serveringsløyvet bort dersom det ikkje blir søkt om løyve innan 30 dagar etter at det blei inngått avtale om overdraging.
|
Målgruppe
Personar eller verksemder som vil drive serveringsstad i næringssamanheng.
|
Kriterium/vilkår
Dagleg leiar for serveringsstaden må klare ein etablerarprøve for å dokumentere nødvendige kunnskapar om økonomistyring og om lovgiving som gjeld for drift av serveringsstader.
Løyvesøkjaren, dagleg leiar og personar som har vesentleg medverknad på verksemda, må ha utvist ulasteleg vandel.
Søkjaren må i tillegg ha godkjenning frå mellom anna Mattilsynet og frå dei kommunale bygningsmyndigheitene for å kunne drive serveringsverksemd i ein bygning. Det må for eksempel liggje føre godkjend bruksendring dersom bygningen er regulert til andre formål, og krav til parkeringsplassar må vere oppfylte.
|
Pris for tenesten
|
Brosjyrer, dokumentar, kart og liknande
|
Samarbeidspartnarar
- Lensmann/politi
- Skatte- og avgiftsmyndigheitene
- Tollmyndigheitene
- Mattilsynet
- Arbeidstilsynet
|
| Serviceerklæring |
| Regelverk |
Lover Serveringsloven
Retningslinjer Bevillingsplikt for omreisende serveringsvirksomheter
|
| Praktiske opplysningar |
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
Du må søkje skriftleg. Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om serveringsløyve. Søknaden skal innehalde desse opplysningane:
- Namn og adresse på den som skal drive serveringsstaden. Dersom det er ein juridisk person som skal drive serveringsstaden, skal det også gjevast opplysningar om organisasjonsnummer og eigarsamansetjing
- Opplysning om staden der serveringsstaden skal drivast
- Namn og adresse på dagleg leiar
- Dokumentasjon av faglege kvalifikasjonar
- Skatteattest for den som skal drive serveringsstaden
|
Skjema
Søknadssskjema får du ved sørvistorget.
|
Vedlegg
- Dokumentasjon på at etablererprøva er stått
- Firmaattest og utskrifter frå Brønnøysundregistra
I tillegg kan kommunen, om han meiner det er påkravd, krevje at det blir lagt fram
- leigekontrakt
- finansieringsplan
- driftsbudsjett
- likviditetsbudsjett
|
Søknadsfrist
Søknadene blir behandla etter kvart som dei kjem inn.
|
Send søknaden til
Sandøy kommune
6487 Harøy
|
Sakshandsaming
Når søknaden er mottatt i kommunen, skal det hentast inn fråsegn frå politiet. Kommunen kan også hente inn opplysningar frå skatte- og avgiftsmyndigheitene og frå andre offentlege myndigheiter. Du får skriftleg melding om vedtaket.
|
Saksbehandlingstid
Snarast råd og seinast innan 60 dagar.
|
Høve til å klage
Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Fylkesmannen er klageinstans. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir halde ved lag, vil saka gå vidare til Fylkesmannen.
|