Du er her: Hjem > Einingar og tenester > Sørvistorget > Serverings-, sals- og skjenkeløyve > Serveringsløyve
Serveringsløyve

Kommunen tildeler serveringsløyve til personar som vil drive serveringsstad i næringssamanheng. Det er krav om god vandel. Løyvet gjeld etablering og drift av serveringsstader der det skal vere servering av mat og/eller drikke, og der forholda skal liggje til rette for servering på staden. Mattilsynet må godkjenne serveringsstaden og branntekniske krav må vere oppfylte. Søkjaren må ha godkjenning frå dei kommunale bygningsmyndigheitene. Dersom bygningen er regulert til andre formål t.d., må det liggje føre bruksendring, og krav til parkeringsplassar må vere oppfylte. Dagleg leiar for serveringsstaden må bestå ei etablerarprøve for å dokumentere nødvendige kunnskapar om økonomistyring og om serveringslova. Det må leggjast fram skatteattest for den som skal drive serveringsstaden.
Søknaden: Skriftleg søknad på fastsett søknadsskjema som du får ved sørvistorget
Vedlegg: Bevis på bestått etablerarprøve
Firmaattest og utskrifter frå Brønnøysundregistrene
Rettleiing: Sørvistorget kan gje nærare rettleiing
Søknadsfrist:Ingen søknadsfrist, fortløpande behandling
Behandling: Når søknaden er motteken i kommunen, vert det henta inn uttale frå politiet, evt.
Mattilsynet og andre off. myndigheiter. Du får skriftleg melding om vedtaket.
Lover og retningsliner: Serveringslova av 1997, med seinare endringar.
Aktuelle lenkjer:
