Hopp til hovedinnholdet på siden Hopp til nettstedskarta Hopp til kontaktinformasjon
Bile av Harøy med hav og fjell i bakgrunnen
Du er her: Hjem > Einingar og tenester > Helsetenester > Langtidsopphald > Sjukeavdeling

Sjukeavdeling

 

Telefon direkte sjukeavdeling
71 27 75 62
Eli Mette Finnøy - leiar Eli.mette.finnoy@sandoy.kommune.no
71 27 75 60 direkte
92 21 39 26 mobil

 
Sjukeavdelinga er lokalisert i Sandøytunet og har 8 plassar. Dette er for bebuarar som er alvorleg sjuke, treng mykje omsorg og pleie, men som ikkje har eit særskilt behov for skjerming.
 
Målsetting:

·                    Sjukeavdelinga skal vere ein god stad å bu

·                    Ein skal få eit individuelt tilpassa tilbod i forhold til pleie og omsorg
·                    Bebuarane skal oppleve tryggleik, trivsel, tillit og omsorg
·                    Ein ynskjer at både bebuarar og tilsette skal ha ei positiv utvikling, der ein har eit felles ansvar for å følgje avdelinga si målsetting
 
anne
Primærkontaktar:
Bebuarane vil få tildelt tilsette i avdelinga til primærkontaktar. Desse kontaktane vil ha eit meiransvar overfor bebuaren og deira pårørande, knytt til oppfølging.
 
Døgnrytme:
Bebuarane kan velje når ein ynskjer å stå opp/ leggje seg, og når/ kvar ein ynskjer å ete sine måltid. Dersom ein ynskjer å ete på fellesrom blir det servert (med forbehold om endringar):
Frukost:                       kl 09.00 – kl 10.00
Kaffi/ drikke/ frukt:      kl 11.30 – kl 12.00
Middag:                       kl 13.00 – kl 14.00
Kaffi/ kaffimat:            kl 16.00 – kl 17.00
Kveldsmat:                 kl 18.30 – kl 19.30
Seinkvelds/suppe:    kl 20.30 – kl 21.00
 
Tilsette arbeider i tre skift; dag, kveld og nattevakter.
I vaktskifte har personalet rapport på vaktrom, men er likevel tilgjengelege ute i avdelinga etter behov.
                                                                                                                                                                                                                          
peder
 
Besøk:
Ein har ikkje faste besøkstider i eininga; alle kan motta besøk når dei ynskjer dette.
 
Lokale:
Avdelinga har eit større fellesrom med kombinert kjøkken og stue. Ein har og sitjegruppe i gangen. Alle bebuarane har enkeltrom, men ikkje eigne bad/wc. Bebuarane har høve til å ta med seg nokre eigedelar for å setje meir personleg preg på sitt rom.
Det er høve til å nytte rom for velvære med dusj og boblebad, knytt til skjerma eining.
 
                                                                                                                                                                                                     
Måltid:
Middag vert bringa frå storkjøkken dagleg, medan andre måltid utover dagen vert laga til og servert i avdelinga.
 
Lege:
Ein har lege knytt til avdelinga gjennom visitt x 1 pr veke, dette gjeld torsdagar.
Dersom pårørande ynskjer kontakt med lege, ta kontakt med sjukepleiar for å avtale møte.
 
Frisør og fotpleie:
Frisør og fotpleiar kjem til avdelinga etter behov. Dette er tenester bebuar må betale sjølv.
 
Tannpleie:
Tannpleiar har tilsyn med bebuarane jf. avtale. Tannlege etter behov.
 
Sosiale aktivitetar m.m.:
Vi samarbeider med Omsorgstenester / Møteplass om aktivitetar og underhaldning. Bebuarane har tilbod om å delta ved Møteplass (dagsenter) ved gjeldande dagar.
Ein skal legge til rette for at bebuarane kan ha mulegheit til å ivareta sitt livssyn. Det er andakt og gudsteneste knytt til Sandøytunet fleire gonger pr. år. Dersom det er særskilte ynskje, kan prest tilkallast etter behov.
 
Bebuarar treng ikkje betale TV- lisens for eigen TV i avdelinga.
 
Samarbeid mellom pårørande og personalet:
Vi vonar at du som pårørande kan bidra med å:
·                    kjøpe inn/ skaffe til veie nye klede dersom noko manglar
·                    merke kleda til bebuaren
·                    rydde i klesskap, evt. skifte sommar – og vintergarderobe
·                    rydde i nattbord (dette samarbeider ein om)
·                    pynte på rommet til høgtider og rydde bort etterpå
 
Vask av klede og toalettsaker:
Alt av privatklede vert i utgangspunktet vaska i kvar avdeling. Kleda må vere godt merka for å unngå at noko vert borte. Pårørande må merke kleda til bebuar. Tilsette skal vere behjelpeleg med å bestille eigne namnelappar. Klede som skal handvaskast anbefalast ikkje, då dei lett kan verte skada i vask. Ein har ikkje høve til å rense klede.
 
Toalettsaker som tannbørste, barbersaker og spesielle kroppspleieartiklar må bebuaren halde sjølv.
 
Erstatningsansvar:
Dersom personalet er direkte ansvarleg for klede eller tannprotesar vert øydelagde/ går tapt ,erstattar sjukeheimen dette.
Sjukeheimen kan ikkje ta ansvar for verdisaker eller pengar som vert oppbevart på rommet.
 
Klagerett:
Ein må ikkje vere redd for å ta kontakt med oss om spørsmål vedkomande tenestene vi gir. Vi vil gjerne ha tilbakemeldingar om korleis de opplever tilbodet hos oss ved sjukeavdelinga. Tilsett med primærkontakt er behjelpeleg med å vidareføre eventuelle klager skriftleg.