Sjukeheim - avlastingsopphald |
| Dette er ei tidsavgrensa avlasting for personar som har omsorgsoppgåver i heimen. Personen som til vanleg mottek hjelpa heime, får eit tidsavgrensa opphald i institusjon. |
Målgruppe
Omsorgsytarar som har "et særlig tyngende omsorgsarbeid". Moment som ein kan ta omsyn til, er
- om søkjaren arbeider mange timar pr. månad med omsorgsarbeid
- om omsorgsarbeidet er meir fysisk eller psykisk tyngjande enn vanleg
- om omsorgsarbeidet inneber mykje nattarbeid eller avbrot i nattesømn
- om fordelinga over tid; om det skjer i periodar eller heile tida
- om arbeidet fører til sosial isolasjon og mangel på ferie og fritid
- om det er snakk om omsorg for meir enn éin person
|
Kriterium/vilkår Personen som får avlasting, må ha eit særleg tyngjande omsorgsarbeid i heimen. |
Pris for tenesten Kommunen kan ikkje krevje vederlag for avlastingsopphald.
|
| Regelverk |
Kommunen pliktar å sørgje for denne tenesta, jf. sosialtjenestelova § 4-2 b).
Lover Forvaltningsloven Sosialtjenesteloven § 4-2
|
| Praktiske opplysningar |
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om avlastingsopphald. Du kan få hjelp til å fylle ut skjemaet ved å vende deg til kommunen. Både omsorgsytaren og den hjelpetrengande sjølv kan søkje om avlastingsopphald. |
Søknadsfrist Søknader blir behandla fortløpande. |
Send søknaden til Sandøy kommune
Eining for omsorgstenester
v/ inntaksnemnda for omsorgssaker
Sandøytunet
6487 Harøy |
Sakshandsaming Det vil bli gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar. |
Saksbehandlingstid Kommunen har plikt til å behandle saka så raskt som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort. |
Høve til å klage Både omsorgsytaren og den hjelpetrengande sjølv kan klage på avgjerda. Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing.
Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Hvis vedtaket blir halde ved lag, vil saka bli sendt til Fylkesmannen. |