Sjukeheim - korttidsopphald |
|
Korttidsopphald er eit målretta og tidsavgrensa opphald i sjukeheim. Det blir skilt mellom tre typar av korttidsopphald:
- døgnopphald (minst 24 timar)
- dagopphald
- nattopphald
|
Pris for tenesten
Kommunen kan krevje vederlag av bebuaren. Vederlaget er fastsett i statleg forskrift (sjå under Lover og retningsliner).
|
Brosjyrer, dokumentar, kart og liknande
|
| Serviceerklæring |
| Regelverk |
Kommunen pliktar å sørgje for denne tenesta.
Lover Forvaltningsloven Helse- og omsorgstjenesteloven kap. 3 - Kommunenes ansvar for helse- og omsorgstjenester Helsepersonelloven Pasient- og brukerrettighetsloven
Forskriftar Forskrift om en verdig eldreomsorg (verdighetsgarantien) Forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester
Retningslinjer Fribeløp og egenandeler ved kommunale pleie- og omsorgstjenester
|
| Praktiske opplysningar |
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om korttidsopphald i sjukeheim. Du har rett til å la næraste pårørande hjelpe deg med søknaden. Andre har også rett til å hjelpe deg. Det kan for eksempel vere ein nabo. Men da må du gje ei skriftleg fullmakt som du legg ved søknaden.
|
Vedlegg
Du må leggje ved fullmakt dersom det er nokon som søkjer for deg.
|
Send søknaden til
Sandøy kommune
Eining for omsorgstenester
v/ inntaksnemd for omsorgssaker
Sandøytunet
6487 Harøy
|
Sakshandsaming
Kommunen vil gjere eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.
|
Saksbehandlingstid
Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.
|
Høve til å klage
Dersom du meiner du ikkje får nødvendig helsehjelp frå kommunen, kan du klage over dette til kommunen og deretter til Helsetilsynet i fylket. Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. I klagen må du greie ut om kva forhold det er du klagar over. Du bør beskrive kva du ønskjer endra, og grunngje dette. Kommunen vil kunne rettleie deg. Klagen blir send den instansen i kommunen som har behandla saka. Dersom kommunen held fast ved avgjerda si, blir klagen send vidare til Helsetilsynet i fylket.
Som mottakar av helsetenester kan du etter pasient- og brukarrettslova også klage til Helsetilsynet på sjølve utføringa av tenesta. Klagen skal først sendast kommunen eller direkte til tenesteytaren slik at det skal vere mogleg å løyse saka på det lågaste nivået.
|