Langtidsavdeling:

Sandøy kommune har vedtak om 10 langtidsplassar i sjukeheim. Med grunngjeving i ombygging Sandøytunet er det 1.1.2017:  8 langtidsplassar som er i bruk.  I hovudsak er det menneske med høgt  pleie og omsorgsbehov som er prioriterte for opphald i institusjon.

Korttidsavdeling:

Sandøy kommune har 6 korttidsplassar i sjukeheim. Avdelinga gjev tilbod til pasientar med ulike behov:

- korttidsopphald/ rehabiliteringsopphald

- KAD plass, kommunale øyeblikkeleg hjelp plass

- avlastningsopphald

- lindrande behandling

- langtidsopphald når det ikkje er høve til å flytte pasienten til anna omsorgsnivå

Storkjøkken:

Sandøy kommune har storkjøkken i institusjonen.  Kjøkkenet er eit sørvistilbod som tilbyr mat til desse tenester:

* sengepostar i sjukeheimen

* matombrinig til heimebuande

* dagaktivitetssenterert Møteplass

* kantinetilbodet i Harøy skule for elevar og tilsette

*  servering i kommunale arrangement, politiske møter, folkemøter m.v.

* kantinetilbod i Sandøytunet for tilsette i adminstrasjonen, Sandøytunet og NAV.

 

Aktuelle lenkjer:

Lov om kommunale helse- og omsorgstenster m.m.:  https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2011-06-24-30?q=Lov

Forskrift for sykehjem og boform for heildøgns omsorg og pleie: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/1988-11-14-932