Hopp til hovedinnholdet på siden Hopp til nettstedskarta Hopp til kontaktinformasjon
Bile av Harøy med hav og fjell i bakgrunnen
Du er her: Hjem > Tenestekatalog > Tenester A-Å

Skatteattest

Skatteattest får du ved å vende deg til skatteoppkrevjaren i kommunen (eventuelt til skattekontoret regionalt). Før opp fødselsnummer og organisasjonsnummer (der dette finst). Attesten skal sendast seinast dagen etter at forespurnaden er mottatt.

Ein skatteattest er ein dokumentasjon på innbetalt meirverdiavgift og skatt og skal ikkje vere eldre enn seks månader. Som leverandør treng du skatteattest dersom du skal levere varer og tenester til stat eller kommune. Som oppdragsgjevar bør du be om skatteattest frå leverandørane dine dersom du ønskjer å framstå som ein seriøs kjøpar av varer og tenester.

Pris for tenesten
Brosjyrer, dokumentar, kart og liknande
Samarbeidspartnarar

Skatteetaten organisert som skattekontor i fem regionar. Skattekontoret er ei samling av det tidlegare likningskontoret, skattefutkontoret og fylkesskattekontoret i éin organisasjon regionalt.

Skatteoppkrevjaren i kommunen og skattekontoret regionalt vil kunne gje fleire opplysningar om ordninga med skatteattestar.

Serviceerklæring
Regelverk

Sjå § 12-9 i forskrifta.



Forskriftar
Forskrift om offentlige anskaffelser
Praktiske opplysningar
Send søknaden til

Sandøy kommune

v/ kommunekasseraren

6487 Harøy