Hopp til hovedinnholdet på siden Hopp til nettstedskarta Hopp til kontaktinformasjon
Bile av Harøy med hav og fjell i bakgrunnen
Du er her: Hjem > Einingar og tenester > Sørvistorget > Serverings-, sals- og skjenkeløyve > Skjenkeløyve - alkohol

Skjenkeløyve - alkohol

Tildeling av skjenkeløyve gjeld for alkoholhaldig drikk. Alle som driv ein serveringsstad som serverer alkoholhaldig drikk, må ha skjenkeløyve. Eitt av vilkåra for å få skjenkeløyve er at det er innvilga serveringsløyve for serveringsstaden. Serveringsstaden må godkjennast av Mattilsynet. Bevillingshavar skal peike ut ein styrar og ein nestansvarleg for serveringsstaden. Styraren må ha bestått etablerarprøva etter serveringslova. Styrar og nestansvarleg må begge ha bestått kunnskapsprøva om alkohollova. Begge personane må vere fylt 20 år, ha god vandel og oppfylle dei krava som vert stilt etter alkohollova, serveringslova, skatte-, avgifts- og rekneskapslovgjevinga. Skjenkeløyve vert tildelt etter ei skjønsmessig vurdering.
 
Skjenkeløyve vert gitt for maksimum 4 år om gongen. Ved overdraging av verksemd som har skjenkeløyve, skal det søkjast nytt løyve utan utgrunna opphald, og seinast 30 dagar etter overdraginga. Løyvet kan gjelde all alkoholhaldig drikk. Alkoholhaldig drikk er delt inn i fire grupper:
 
  • Alkoholsvak (mellom 0,7 og 2,5%)
  • Alkoholhaldig drikk gruppe 1 (mellom 2,5 og 4,7%)
  • Alkoholhaldig drikk gruppe 2 (mellom 4,7 og 22%)
  • Alkoholhaldig drikk gruppe 3 (mellom 22 og 60%)
 
NB! Ved endringar i skjenkeløyvet i løpet av bevillingsperioden, skal det sendast ny søknad til kommunen, t.d. ved skifte av styrar eller nestansvarleg/søknad om godkjenning, flytting/utviding av lokale, endring i skjenketid, endring i driftsform. Dette er endringar som krev nye vedtak.
 
Søknaden:                   Skriftleg på fastsett søknadsskjema som du får ved sørvistorget                                   
                                       Kommunen kan hjelpe med søknaden, men du bør gjere deg kjent
                                       med regelverket før du søkjer.
                                                                                                                                                                 
 
Vedlegg:                       Planteikningar over skjenkelokalet; areal og funksjon
                                       Bevis på bestått kunnskapsprøve og etablerarprøve
                                       Evt. firmaattest frå Brønnøysundsregistrene
                                                                                                                                              
 
Rettleiing:                     Sørvistorget kan gje nærare rettleiing
Søknadsfrist:               Ingen særskilt, ta kontakt med kommunen
Behandling:                 Kommunen hentar inn uttale frå politiet, sosialtenesta og skatte- og
                                       avgiftsmyndigheitene
                                       Som hovudregel er kommunestyret vedtaksorgan.
                                      
                             
 
Kostnad:                      Bevillingsgebyr   
 
Lover og
retningsliner:               LOV 1989-06-02: Lov om omsetning av alkoholholdig drikk
                                       FOR 2005-06-08 nr 538: Forskrift om omsetning av alkoholholdig drikk
                                       Rusmiddelpolitisk handlingsplan for Sandøy kommune 2008-2012 
                                                                       
                                       Reglement for sals- og skjenketider i Sandøy kommune