Skjenkeløyve for eit bestemt høve kan gjevast i samband med lukka arrangement (ambulerande skjenkeløyve etter alkhl. § 4-5), eller i samband med opne arrangement (alkhl. § 1-6). 
Det er ikkje nødvendig med skjenkeløyve ved reint private arrangement, som t.d. bryllaup, fødselsdagsselskap eller andre jubileum.
 
Løyvet kan gjelde all alkoholhaldig drikk. Alkoholhaldig drikk er delt inn i fire grupper:
 
  • Alkoholsvak (mellom 0,7 og 2,5%)
  • Alkoholhaldig drikk gruppe 1 (mellom 2,5 og 4,7%)
  • Alkoholhaldig drikk gruppe 2 (mellom 4,7 og 22%)
  • Alkoholhaldig drikk gruppe 3 (mellom 22 og 60%)
 
Det er ikkje krav til bestått kunnskapsprøve for skjenkeansvarleg ved ambulerande skjenkeløyve/skjenking ved enkelthøve, men skjenkeansvarleg må vere kjent med lover og retningsliner som gjeld for skjenkinga. Skjenkeansvarleg må vere fylt 20 år. Bevillingsgebyr må vere innbetalt til kommunen før skjenkinga finn stad. Gebyret skal i følgje alkohollova med forskrift dekkje kommunen sine kostnader ved søknadsbehandling og kontroll. Med bakgrunn i dette krev kommunen at gebyret vert innbetalt når søknad om skjenkeløyve er behandla og innvilga, uavhengig om arrangementet faktisk finn stad eller ikkje.
 
Søknadsprosessen:   
 
Søknad:                           Du må søkje skriftleg på fastsett søknadsskjema som du får ved sørvistorget
Rettleiing:                        Sørvistorget kan gje nærare rettleiing           
Søknadsfrist:                  Du må søkje i god tid før arrangementet skal vere
Behandling:                    Administrasjonen v/rådmann
                                         
                                                                                 
 
Lover og retningsliner:     
Forskrift om opningstider for serveringsstader og sals- og skjenketider for alkoholhaldig drikk, Sandøy kommune