Skjenkjeløyve alkohol |
|
Tildeling av skjenkeløyve for alkoholhaldig drikk blir gjeve for maksimum fire år om gongen. Løyvet fell bort ved overdraging av verksemda. Verksemda kan likevel fortsetje på det tidlegare løyvet i inntil tre månader. Føresetnaden er at løyvemyndigheitene er underretta om dette og at det søkjast om nytt løyve så snart som råd og seinast innan 30 dagar etter overdraginga.
Alkoholhaldig drikk er drikk som inneheld over 2,5 volumprosent alkohol. Løyvet kan gjelde
- alkoholhaldig drikk med høgst 4,7 volumprosent alkohol
- alkoholhaldig drikk med lågere alkoholinnhald enn 22 volumprosent
- all alkoholholdig drikk
|
Målgruppe
Skjenkeløyve kan søkjast av personar eller verksemder som ønskjer å drive sal av alkoholhaldig drikk for drikking på staden.
|
Kriterium/vilkår
Alle som driv ein serveringsstad som serverer alkoholhaldig drikk, må ha skjenkeløyve. Løyvet kan ikkje gjevast ålene, det må òg liggje føre eit serveringsløyve. Det blir kravd uklanderleg vandel. Løyvehavaren skal utpeike ein styrar med avløysar knytt til serveringsstaden. Styrar og avløysar må begge ha stått i kunnskapsprøven om alkohollova. Begge personane må vere over 20 år, dei må arbeide i verksemda og dei må oppfylle dei krava som er sette i alkohollova og serveringslova). Løyve blir tildelt etter skjønn.
|
Pris for tenesten
Gebyr for løyvet reknast ut etter satsane i alkoholforskriften § 6-2. Satsane er:
0,34 kr pr. vareliter for alkoholhaldig drikk i gruppe 1
0,94 kr pr. vareliter for alkoholhaldig drikk i gruppe 2
3,07 kr pr. vareliter for alkoholhaldig drikk i gruppe 3,
og med årleg minstegebyr på kr 3 500.
Kommunen kan i særlege tilfelle fastsetje at gebyret skal vere lågare. Bevillingsgebyr - brosjyreBevillingsgebyr - retningsliner |
Brosjyrer, dokumentar, kart og liknande Kunnskapsprøven - informasjon fra Helsedirektoratet
|
Samarbeidspartnarar
- Vaktselskap/kontrollørar som har avtale om å utføre skjenkekontroll
- Lensmann/politi (skal uttale seg om vandelen til søkjaren og sentrale personar)
- Mattilsynet (kontrollerer hygienen i lokala, spesielt kjøkken- og toalettforhold)
- Skatte- og avgiftsmyndigheitene (skal kontrollere / uttale seg om at løyvehavaren held seg til skatte-, avgifts- og rekneskapslovgivinga)
|
| Serviceerklæring |
| Regelverk |
Lover Alkoholloven Serveringsloven
Forskriftar Alkoholforskriften
Retningslinjer Reglement for delegasjon etter alkohollova Sals- og skjenkestader - Brot på alkohollova - retningsliner Sals- og skjenkestader - retningsliner for kontroll Sals- og skjenketider - reglement
|
| Praktiske opplysningar |
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
Du må søkje skriftleg. Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om skjenkeløyve. Du må setje deg inn i regelverket før du får løyve.
|
Skjema
Søknadsskjema får du ved sørvistorget.
|
Vedlegg
- Planteikningar over areal og funksjonar i lokalet
- Dokumentasjon på stått kunnskapsprøve om alkohollova
- Dokumentasjon på stått etablerarprøve
- Dokumentasjon på styraren / avløysaren si tilknytting til verksemda
- Firmaattest frå Brønnøysundregistra
- Eventuell firmaattest
|
Send søknaden til
Sandøy kommune
6487 Harøy
|
Sakshandsaming
Når søknaden er motteken i kommunen, blir det innhenta fråsegner frå politiet, sosialtenesta og skatte- og avgiftsmyndigheitene. Du får skriftleg melding om vedtaket. Kopi av vedtaket blir sendt mellom anna til politiet.
Sandøy kommune har vedteke reglement for delegasjon av avgjerdsmynde i løyvesaker, jf ovanfor: "Reglement for delegasjon etter alkohollova"
|
Saksbehandlingstid
Behandlingstida i kommunen er utrekna til om lag tre månader.
|
Høve til å klage
Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.
|