Hopp til hovedinnholdet på siden Hopp til nettstedskarta Hopp til kontaktinformasjon
Bile av Harøy med hav og fjell i bakgrunnen
Du er her: Hjem > Tenestekatalog > Tenester A-Å

Skjenkjeløyve for eit enkelt bestemt høve

Tildeling av skjenkeløyve som gjeld anten

  • ambulerande skjenkeløyve eller
  • skjenking for eit enkelt, bestemt høve

Ambulerande skjenkeløyve er ikkje knytta til ein bestemt person eller skjenkestad og gjeld berre skjenking i slutta selskap. Det er normalt ikkje krav om løyve ved reint private arrangement som bryllaup, fødselsdagsselskap eller andre jubileum så sant det ikkje blir tatt betaling for drikke. Løyve for eit enkelt, bestemt høve gjeld berre bestemte arrangement som til dømes festivalar og dansetilstellingar. Løyvet gjeld alminneleg løyve eller løyve til slutta selskap.

Alkoholhaldig drikk er drikk som inneheld over 2,5 volumprosent alkohol. Løyvet kan gjelde

  • alkoholhaldig drikk med høgst 4,7 volumprosent alkohol
  • alkoholhaldig drikk med lågere alkoholinnhald enn 22 volumprosent 
  • all alkoholhaldig drikk

 

Målgruppe

Skjenkeløyve kan søkjast av personar som ønskjer å servere alkoholhaldig drikk i samband med slutta selskap eller ved eit bestemt høve.

Kriterium/vilkår

All servering av alkoholhaldig drikk mot ein eller annen form for betaling krev løyve. Ansvarleg skjenkestyrar må vere fylt 20 år (det blir kravd legitimasjon). Det er ikkje krav om stått kunnskapsprøve.

Pris for tenesten
Bevillingsgebyr - retningsliner
Brosjyrer, dokumentar, kart og liknande
Serviceerklæring
Regelverk
Alkohollova § 1-6 andre leddet (enkeltståande høve) Alkohollova § 4-5 (ambulerande)

Lover
Alkoholloven

Forskriftar
Alkoholforskriften
Praktiske opplysningar
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Du må søkje skriftleg. Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om skjenkeløyve.

Skjema
Søknadsskjema får du ved sørvistorget
Vedlegg

Legitimasjon

Søknadsfrist

Du må søkje i god tid før arrangementet skal vere.

Send søknaden til

Sandøy kommune

6487 Harøy

Sakshandsaming

Søkjer du om skjenkeløyve for eit enkelt, bestemt høve, blir det innhenta fråsegn frå politiet og sosialtenesta. Du får skriftleg melding om vedtaket.

Saksbehandlingstid

Behandlingstida er om lag éi veke.

For opne arrangement vil saksbehandlingstida vere lengre.  Det kan vere at søknaden skal behandlast i formannskapet, og då vil saksbehandlingstida også vere avhengig av møteplan. 
Høve til å klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.