Hopp til hovedinnholdet på siden Hopp til nettstedskarta Hopp til kontaktinformasjon
Bile av Harøy med hav og fjell i bakgrunnen
Du er her: Hjem > Diverse > Artikkelarkiv > Langtidsopphald > Skjerma eining

Skjerma eining

 

Telefon direkte skjerma eining
71 27 75 63
Ann Kristin Røyset - leiar
71 27 75 80 direkte
92 26 79 52 mobil

 
Skjerma eining er lokalisert i Sandøytunet og har 8 plassar. Dette er for bebuarar som har eit særskilt behov for skjerming og trygging. Dette gjeld for det meste personar som har ein demens.
 
Målsetting:
·                    Skjerma eining skal vere ein god stad å bu
·                    Ein skal få eit individuelt tilpassa tilbod i forhold til pleie og omsorg
·                    Bebuarane skal oppleve tryggleik, trivsel, tillit og omsorg
·                    Ein ynskjer at både bebuarar og tilsette skal ha ei positiv utvikling, der ein har eit felles ansvar for å følgje eininga si målsetting
 
 
 
 Primærkontaktar:
 Bebuarane vil få tildelt tilsette i eininga til primærkontaktar. Desse  kontaktane vil ha eit meiransvar overfor bebuaren og deira pårørande, knytt til oppfølging.
 signe
 Døgnrytme:
 Bebuarane kan velje når dei ønskjer å stå opp/leggje seg, og når/kvar dei ynskjer å ete sine måltid. Dersom dei ønskjer å ete på fellesrom, blir det servert (med forbehold om endringar):
 Frukost:                       kl. 09.00 - kl. 10.00
 Kaffi/drikke/frukt:        kl. 11.30 - kl. 12.00  
 Middag:                       kl. 13.00 - kl. 14.00
 Kaffi/kaffimat:             kl. 16.00 - kl. 17.00
 Kveldsmat:                 kl. 18.30 - kl. 19.30      
 Seinkveld/suppe:      kl. 20.30 - kl. 21.00
    
 
                                                                                                                                                                
 
 
 
 
                                                                                            
 
Tilsette arbeider i tre skift; dag, kveld og nattevakter.
I vaktskifte har personalet rapport på vaktrom, men er likevel tilgjengelege ute i eininga etter behov.
 
 
skjerma
Besøk:
Det er ikkje faste besøkstider i eininga, alle kan motta besøk når dei ynskjer dette.
 
Lokalar:
Eininga har eit større fellesrom med kombinert kjøkken og stue. Det er og sitjegrupper andre stader i eininga. Alle bebuarane har enkeltrom, men ikkje eigne bad/wc. Bebuar har høve til å ta med seg nokre eigedelar for å setje meir personleg preg på sitt rom.
Det er tilgang til eit rom for velvære med dusj og boblebad i eininga.
  
 
 
  
 
Måltid:
Middag vert bringa frå storkjøkken dagleg, medan andre måltid utover dagen vert laga til og servert i eininga.
 
Lege:
Det er lege knytt til avdelinga gjennom visitt x 1 pr veke, dette gjeld torsdagar.
Dersom pårørande ynskjer kontakt med lege, ta kontakt med sjukepleiar for å avtale møte.
 
Frisør og fotpleie:
Frisør og fotpleiar kjem til avdelinga etter behov. Dette er tenester bebuar må betale sjølv.
 
Tannpleie:
Tannpleiar har tilsyn med bebuarane jf. avtale. Tannlege etter behov.
 
Sosiale aktivitetar m.m.:
Vi samarbeider med Omsorgstenester / Møteplass om aktivitetar og underhaldning. Bebuarane har tilbod om å delta ved Møteplass (dagsenter) ved gjeldande dagar.
Ein skal legge til rette for at bebuarane kan ha høve til å ivareta sitt livssyn. Det er andakt og gudsteneste knytt til Sandøytunet fleire gonger pr. år. Dersom det er særskilte ynskje, kan prest tilkallast etter behov.
 
Bebuarar treng ikkje betale TV- lisens for eigen TV i eininga.
 
Samarbeid mellom pårørande og personalet:
Vi vonar at du som pårørande kan bidra med å:
·                    kjøpe inn/ skaffe til veie nye klede dersom noko manglar
·                    merke kleda til bebuaren
·                    rydde i klesskap, evt. skifte sommar – og vintergarderobe
·                    rydde i nattbord ( dette samarbeider ein om)
·                    pynte på rommet til høgtider og rydde bort etterpå
 
Vask av klede og toalettsaker:
Alt av privatklede vert i utgangspunktet vaska i kvar avdeling. Kleda må vere godt merka for å unngå at noko vert borte. Pårørande må merke kleda til bebuar. Tilsette skal vere behjelpeleg med å bestille eigne namnelappar. Klede som skal handvaskast er ikkje å anbefale, då dei lett kan verte skada i vask. Vi har ikkje høve til å rense klede.
 
Toalettsaker som tannbørste, barbersaker og spesielle kroppspleieartiklar må bebuaren halde sjølv.
 
Erstatningsansvar:
Dersom personalet er direkte ansvarleg for at klede eller tannprotesar vert øydelagde/ går tapt ,erstattar sjukeheimen dette.
Sjukeheimen kan ikkje ta ansvar for verdisaker eller pengar som vert oppbevart på rommet.
 
Klagerett:
Ein må ikkje vere redd for å ta kontakt med oss om spørsmål vedkomande tenestene vi gir. Vi vil gjerne ha tilbakemeldingar om korleis de opplever tilbodet hjå oss ved skjerma eining. Tilsett med primærkontakt er behjelpeleg med å vidarefører eventuelle klager skriftleg.