Sosialtenesta skal i følgje sosialtenestelova

  • Fremje økonomisk og sosial tryggheit
  • Betre levekåra for vanskelegstilte
  • Bidra til auka likeverd og likestilling og førebygge sosiale problem
  • Bidra til at den enkelte får mulegheit til å leve og bu sjølvstendig og til å ha eit aktivt og meiningsfylt tilvære i fellesskap med andre
  • Ha kvalifiseringsprogram for personar i yrkesaktiv alder som har vesentleg nedsett arbeids- og inntektsevne, som gir rett til kvalifiseringsstønad 

Sosialtenesta tilbyr samtalar, råd og rettleiing om

  • familie- og samlivsvanskar
  • økonomiske problem
  • gjeldsrådgjeving
  • rusproblem
  • arbeidsløyse
  • bustadspørsmål
  • psykiske problem
  • utdanningsmulegheiter

 

Økonomisk sosialhjelp

Økonomisk sosialhjelp frå NAV skal sikre deg midlertidige inntekter til eit forsvarleg livsopphald. Hjelpa kan bli gitt i form av økonomisk bidrag, lån, garanti for lån eller kjøp av varer og tenester.

Dersom du oppfyller vilkåra i Lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltinga og ikkje har andre mulegheiter til å forsørge deg, har du krav på økonomisk sosialhjelp.

Før du kan få økonomisk stønad må du ha vurdert alle andre mulegheiter til sjølvforsørging - sjå økonomisk rådgjeving.

Informasjon om økonomisk sosialhjelp finn du på nettsidene til NAV.