Hopp til hovedinnholdet på siden Hopp til nettstedskarta Hopp til kontaktinformasjon
Bile av Harøy med hav og fjell i bakgrunnen
Du er her: Hjem > Tenestekatalog > Tenester A-Å

Språkopplæring - særskilt for minoritetsspråklege elevar i grunnskolen

Elevar med anna morsmål enn norsk og samisk kan søkje om særskilt norskopplæring til dei har gode nok kunnskapar i norsk til å følgje den vanlege opplæringa i skulen. Dersom det er nødvendig, kan elevane også ha rett til morsmålsopplæring, tospråkleg fagopplæring eller begge delar. Dette kan gjelde nytilflytta og andre minoritetselevar med svært avgrensa norskkunnskapar. Morsmålsopplæringa kan leggjast til ein annan skule enn den eleven går på.

Målgruppe

Elevar frå språklege minoritetar i grunnskule og vidaregåande skule

Kriterium/vilkår
  • Eleven må ha anna morsmål enn norsk og samisk
  • Eleven har ikkje gode nok kunnskapar i norsk til å følgje den vanlege undervisninga
  • Det må vere eigna undervisningspersonale i kommunen (dette gjeld morsmålsopplæring og tospråkleg fagopplæring)
Pris for tenesten
Brosjyrer, dokumentar, kart og liknande
Et inkluderende språk - brosjyre
Opplæring av språklige minoriteter - eksempelsamling
Serviceerklæring
Regelverk

Kommunen pliktar å sørgje for denne tenesta.



Lover
Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 2-8 Særskild språkopplæring for elevar frå språklege minoritetar
Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 3-12 Særskild språkopplæring for elevar frå språklege minoritetar
Lov om private skolar med rett til statstilskot (privatskolelova) § 3-5 Særskild språkopplæring for elevar frå språklege minoritetar

Forskriftar
Forskrift til opplæringslova

Retningslinjer
Informasjon om endringer i opplæringsloven (rundskriv F-14-08)
Informasjon om endringer i opplæringsloven (rundskriv)
Praktiske opplysningar
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Du kan kontakte kommunen (grunnskulen) eller fylkeskommunen (vidaregåande skule) for å få hjelp til å søkje om språkopplæringa.

Send søknaden til

Sandøy kommune

6487 Harøy

Saksbehandlingstid

Kommunen (for grunnskulen) og fylkeskommunen (for vidaregåande skule) har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

Høve til å klage

Dersom kommunen/fylkeskommunen avslår søknaden, kan du klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen/fylkeskommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen (for elevar i grunnskulen) og klagenemnda i fylkeskommunen (for elevar i vidaregåande skule).  Før klaga blir sendt dit, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.