Startlån bustad |
|
Startlånet skal bidra til at innbyggjarar med etableringsproblem kan skaffe seg ein nøktern, god heilårsbustad. Startlånet kan gjevast som topp- eller fullfinansiering ved kjøp av bustad eller til utbetring av noverande bustad. Det kan òg nyttast til refinansiering, slik at husstanden kan bli buande i noverande bustad, eller til toppfinansiering ved bygging av ny bustad.
|
Målgruppe
- unge i etableringsfasen
- barnefamiliar
- einslege forsørgjarar
- funksjonshemma
- flyktningar og personar med opphaldsløyve på humanitært grunnlag
- økonomisk vanskelegstilte husstandar
|
Kriterium/vilkår
Noverande busituasjon er ikkje tilfredsstillande. Du må kunne dokumentere kva husstanden kan betale samla og vere i stand til å betene renter og avdrag på lånet i tillegg til vanlege levekostnader.
|
Pris for tenesten
Lånet følgjer dei samme vilkåra som utlån frå Husbanken.
|
Brosjyrer, dokumentar, kart og liknande Om det å bo i Norge - på ti ulike språk Startlån
|
Samarbeidspartnarar
Tilbodet er utvikla i eit samarbeid mellom KS, Husbanken, Sparebankforeningen, Finansnæringens hovedorganisasjon og staten.
|
| Serviceerklæring |
| Regelverk |
Kommunen pliktar å sørgje for denne tenesta.
Lover Husbankloven
Forskriftar Forskrift om startlån fra Den Norske Stats Husbank
Retningslinjer Husbankens retningslinjer om lån Sandøy kommune - Kommunale retningsliner for tildeling av startlån Startlånsordninga - Samarbeidsavtale
|
| Praktiske opplysningar |
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
Du må sende skriftleg søknad med dokumentasjon til kommunen for å få startlån. Søknadsskjemaet får du ved å vende deg til kommunen eller på Husbanken si heimeside (sjå nedanfor). Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til til å søkje om startlån.
|
Skjema Startlån - søknadsskjema elektronisk innsendelse Søknad om statlig bostøtte
|
Vedlegg
|
Søknadsfrist
Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.
|
Send søknaden til
Sandøy kommune
6487 Harøy
|
Saksbehandlingstid
Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.
|
Høve til å klage
Klageinstans er klagenemnda i kommunen. Får du avslag på søknad om startlån, kan du klage. Klaga må sendast innan tre veker etter at du mottok vedtaket. Før opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det eventuelt med nye opplysningar.
|