1. november gjekk fristen ut for å sende inn forslag i idékonkurransen for nytt kommunevåpen. Heile 380 teikningar har kome inn, og no har komiteen kome fram til 44 forslag som skal delta i kåringa av folkets favoritt. Forslaga som har kome inn er frå barn, skuleklassar og privatpersonar. Frå 11. desember til 18. desember blir det elektronisk avstemming på www.nyealesund.no . Du kan gi di stemme ein gong per døgn i perioden.

Premie og diplom

Folkets favoritt vinn ei gåveeske med lokalt produserte råvarer til ein verdi av 2.000 kroner.  Alle ideear som er komne inn i idékonkurransen, kan bli med i det vidare arbeidet til komiteen for nytt kommunevåpen. Avstemminga for å finne folkets favoritt er ein symbolsk kåring, og vi skal ikkje kåre det som vil bli det nye kommunevåpenet no.

Gå til avtemming

Desse kommunevåpna kan du stemme over

Alle kommunevåpen 45 folkets favoritt

Desse 44 konkurrerar om å bli folkets favoritt:
1.    Julie Bjørge
2.    Andreas Flem Normann
3.    Andre Peter Iversen
4.    Ane Blindheim Brandtzæg
5.    Anita Eliassen
6.    Anna Eikrem Myrvoll
7.    Beate Eiken
8.    Dag Øistein Endsjø
9.    Even Olai Vestre Røkke
10.    Hans Olav Naas
11.    Jens Petter Maude
12.    Julian Gudbrandstuen
13.    Karoline Slocum Kragseth
14.    Korinna Geisler
15.    Maria Skarbø
16.    Michael Monsen
17.    Nathalie Ringstad Tennfjord
18.    Maria Andrine Hopland Danielsen
19.    Luka Johansen Longva
20.    Håkon Austnes Hellandsvik
21.    Nicolai Eiken
22.    Ole Uren
23.    Samu
24.    Silje H. Gjethammer
25.    Yshva Datuin
26.    Theodor Klokset Lilleeng
27.    Anna Bekkebø
28.    Emma Reiten Nedrevoll
29.    Linnea Glomset Øyrann
30.    Oliver Skillestad Solevåg
31.    Amalie Benberg
32.    Jonas Finstad Austnes
33.    Patrick Sjåstad Sandanger
34.    Nora Susanne Myrheim Holm
35.    Anna Jørgensen
36.     Kine N. Skjegstad
37.    Nuy
38.    Julian Gudbrandstuen
39.    Ruth Glavee
40.    Aziz
41.    Skodje u-skole kl. 8A, fellesbidrag
42.    Eskil Lid
43.    Noah Nogva
44.    Bjørk. A. Lukkedal

Gå til avstemming

Kva skjer med dei gamle kommunevåpena?

Komiteen for nytt kommunevåpen har ein tidsplan som går ut i 2019. Komiteen skal levere ei politisk sak om kommunevåpen til fellesnemnda i mai 2019. Der vil resultat frå den lukka prosessen med grafiske byrå være med. Dei gamle kommunevåpna frå alle kommunane vil bli presenterte som alternativ som fellesnemnda må ta stilling til.  

Tidsplan

  • 1. november: Frist for innsending av forslag.
  • November: Komiteen går gjennom alle forslaga
  • 11. -18. desember: Avstemming og kåring av folkets  favoritt.
  • Desember: Kåring av ein skolevinner.
  • Januar 2019 - mars 2019: Lukka konkurranse, der eit mindre tal profesjonelle byrå, grupper eller enkeltpersonar i dei fem kommunane blir inviterte til å være med. Det vil bli sett premiss for dei forslaga som blir presenterte i denne fasen.
  • Mars 2019-mai 2019: Val av 3 forslag til kommunevåpen som skal vidare til fellesnemnd, saman med kommunevåpena frå alle fem kommunane.
  • Etter mai 2019: Sak opp til fellesnemnda
  • Sak opp i nytt kommunestyre (hausten 2019).
    * Datoane kan bli justerte.