Bustønad

Bustønad er ei behovsprøvd statleg stønadsordning for dei som har låg inntekt og høge boutgifter. Husbanken og kommunen samarbeider om bustønadordninga. Husbanken fattar vedtak, men det er kommunen som behandlar søknaden og har all kontakt med deg som søkjar.

Besøksadresse:

NAV Sandøy, Steinshamnvegen 110, 6487 Harøy, telefon: 5555 3333

Meir informasjon og søknadsskjema finn du her.

 

Startlån

Startlånet skal bidra til at husstandar med bustadetableringsproblem skal etablere seg og bli buande i nøkterne og gode bustader. Startlån kan ytast som topp- eller fullfinansiering ved kjøp eller utbetring av bustad. Det kan også nyttast til refinansiering, slik at husstanden kan bli buande i noverande bustad, eller til toppfinansiering ved bygging av ny bustad. Startlån er behovsprøvd. Søkjar må dokumentere at husstanden si framtidige inntekt vil vere tilstrekkeleg for å kunne betale renter og avdrag på lånet i tillegg til vanlege levekostnader.
 

Startlån kan gjevast til:

-         unge i etableringsfasen
-         barnefamiliar
-         einslege forsørgjarar
-         funksjonshemma
-         flyktningar
-         personar med opphald på humanitært grunnlag
-         økonomisk vanskelegstilte husstandar
 

Søknaden

Du søkjer gjennom Husbanken sin søknadsportal
NAV Sandøy kan gje nærare rettleiing. Det er ingen søknadsfrist. Søknader blir behandla etterkvart som dei kjem inn.   
                                                                                                                                                             

Behandling/søknadsprosess

Sandøy kommune har samarbeidsavtale med Sparebanken Møre om søknads- og saksbehandlingsrutiner på startlån. Ta kontakt med Sparebanken Møre, avd. Harøy for bestilling av timeavtale hos kundeansvarleg for startlån. Banken skal hente inn dokumentasjon og opplysningar frå søkjar, og berekne søkjar sin økonomisk situasjon etter låneopptak. Banken sender deretter søknaden over til NAV Sandøy. NAV Sandøy  saksbehandlar søknaden og fattar vedtak. Dersom startlån vert innvilga, er det Sparebanken Møre som administrerer lånet vidare på vegne av NAV Sandøy/Sandøy kommune. Du kan evt. ta kontakt med saksbehandlar for startlån ved NAV Sandøy før du bestiller time hos kundebehandlar i banken for nærare orientering om startlånsordninga.


Lover og retningliner:

Startlånsordninga - Samarbeidsavtale om søknads- og saksbehandlingsrutiner mellom Sandøy kommune og Sparebanken Møre av 27.03.2003
 

Tilskot for privatpersonar

Husbanken gir tilskot til ulike formål og målgrupper, mellom anna tilskot til tilpassing av bustad, tilskot til etablering i eigd bustad, tilskot til refinansiering av lånegjeld og tilskot til utgreiing og prosjektering.

 
Informasjon og søknadsskjema finn du hos Husbanken.