Støttekontakt er ein person som gjev assistanse, støtte og oppfølging på fritida.

Hjelpa er tilpassa den enkelte og målet er ei meiningsfull fritid i samvær med andre.

Oppdraget er som regel nokre timar pr. veke. Det er ikkje krav til at støttekontakten skal ha nokon spesiell utdanning.

Kommunen er ansvarleg for å gje nødvendig opplæring og oppfølging.

 

Arbeidet er løna og betalt av kommunen. I tillegg til løn vil du som støttekontakt få ei oppleving av at du gjer noko viktig for ein annan og er med på å styrkje livskvaliteten til eit anna menneske.

 

Er du interessert i å vere støttekontakt, send e-post til Sandøy kommune v/ Helse- og omsorgtenester.

 

Kontaktpersonar:

Einingsleiar for Helse- og omsorgtenester Ann Kristin Røyset

Fagleiar tenester Tone Gandrudbakken