Kf 8AlmjlbjTtTZkAAAAAElFTkSuQmCC

I år startar Strandryddeveka måndag 29. april og varer til laurdag 4. mai.

Strandryddeveka/ strandryddedagen er ein nasjonal miljødugnad i regi av Hold Norge Rent der fleire tusen frivillige ryddar strende, øyar, holmar og havbotnen langs kysten så vel som langs bekkar, elver og innsjøar i innlandet.

 

Slik gjer du det:
1. Opprett ryddeaksjon hos Hold Norge Rent. Få aksjonskode.
2. Fyll i tillegg ut dette skjema, der du informerer ÅRIM om kvar du skal rydde.
3. ​Lever til næraste miljøstasjon:Ta med aksjonskoden og vis fram på miljøstasjonen​.

Både Hold Norge Rent og ÅRIM må ha informasjonen, for å få dekt utgifter til å behandle avfallet folk samlar inn. Vi håper du er litt tolmodig og kan fylle ut begge skjema.

 

Meld på din ryddeaksjon her.

 

Les meir om strandryddeveka og strandryddedagen på holdnorgerent.no