Abortsøknad - før tolvte svangerskapsveke |
|
Abortlova gjev deg rett til å krevje ("begjære") abort innan utgangen av den tolvte svangerskapsveka (84 dagar). Søknad om å få utført abort framset du gjennom ein lege eller eit sjukehus som er godkjent for å utføre svangerskapsavbrot. Legen skal informere deg om korleis inngrepet blir gjennomført og om eventuelle komplikasjonar som kan oppstå. Du treng ikkje å grunngje valet ditt, og du vel sjølv om du vil motta rettleiing eller råd.
Legen skal også gje deg informasjon om den støtta samfunnet gjev dersom du ønskjer det.
|
Målgruppe
Gravide som ønskjer abort.
|
Kriterium/vilkår
Graviditet innanfor den tolvte svangerskapsveka (84 dager). Du må framsetje krav ("begjæring") om å få utført abort gjennom ein lege eller eit sjukehus som er godkjent for å utføre svangerskapsavbrot.
|
Pris for tenesten
|
Brosjyrer, dokumentar, kart og liknande Stiftelsen Amathea - gratis veiledning helsenorge.no - abort
|
| Serviceerklæring |
| Regelverk |
Kvinna sjølv tar den endelege avgjerda såframt inngrepet kan skje før utgangen av den tolvte svangerskapsveka og tungtvegande medisinske grunnar ikkje talar mot det.
Lover Abortloven § 2
Forskriftar Abortforskriften
|
| Praktiske opplysningar |
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
Legen skal i samråd med deg utforme ein skriftleg søknad.
Legen skal straks tilvise deg til det sjukehuset der inngrepet skal utførast.
|
Søknadsfrist
Prinsippet om sjølvbestemt abort gjeld berre før du er inne i den tolvte svangerskapsveka.
|
Send søknaden til
Sandøy kommune
6487 Harøy
|
Saksbehandlingstid
Sjukehuset skal behandle kravet ("begjæringa") og utføre inngrepet så raskt som mogleg.
|
Høve til å klage
Det er kvinna sjølv som tar den endelege avgjerda.
|