Hopp til hovedinnholdet på siden Hopp til nettstedskarta Hopp til kontaktinformasjon
Bile av Harøy med hav og fjell i bakgrunnen
Du er her: Hjem > Tenestekatalog > Tenester A-Å

Svangerskapsomsorg

Svangerskapskontroll på helsestasjonen (jordmorteneste) er først og fremst eit tilbod til gravide for å bidra til god helse under svangerskapet. Kommunen skal tilby helseundersøkingar, rådgjeving, opplysingsverksemd og samlivs- og foreldrerettleiing. (I denne samanhengen kan ein tilby fødsels- og foreldreførebuande kurs for å styrkje foreldra sine kunnskapar og tryggleik om graviditet, fødsel og barselstid.)

Svangerskapskontroll er ikkje berre ein kroppsleg kontroll, men og eit høve for kvar enkelt til å snakke om sine tankar og spørsmål kring graviditet og livet elles.  Jordmor vil gi rettleiing, slik at plager/komplikasjonar kan førebyggjast eller reduserast.  Det skal og vere ei hjelp til å førebu fødsel og barseltid.

Ved at jordmortenesta er lagt til helsestasjonen blir det eit fint høve til å bli kjent med det tilbodet som blir gitt her også etter at barnet er født.  Med andre ord: Helsestasjonen blir hovudbasen for det tilbodet kommunehelsetenesta kan gi den gravide og hennar familie i forbindelse med graviditet, førebuing til føsel og i småbarnstida.

Målgruppe

Gravide

Kriterium/vilkår

Graviditet

Pris for tenesten

Tenesta er gratis.


Brosjyrer, dokumentar, kart og liknande
Serviceerklæring
Regelverk

Dette er ei lovpålagd teneste. Sjå helse- og omsorgstenestelova og forskrift om kommunens helsefremmende og forebyggende arbeid i helsestasjons- og skolehelsetjenesten §§ 2-1 og 2-3.



Lover
Forvaltningsloven
Helse- og omsorgstjenesteloven § 3-2 - Kommunens ansvar for helse- og omsorgstjenester
Pasient- og brukerrettighetsloven

Forskriftar
Forskrift om kommunens helsefremmende og forebyggende arbeid i helsestasjons- og skolehelsetjenesten
Praktiske opplysningar
Høve til å klage

Dersom du meiner du ikkje får nødvendig helsehjelp frå kommunen, kan du klage over dette til kommunen og deretter til Helsetilsynet i fylket. I klagen må du greie ut om kva forhold det er du klagar over. Du bør beskrive kva du ønskjer endra, og grunngje dette. Kommunen vil kunne rettleie deg. Klagen blir send den instansen i kommunen som har behandla saka. Dersom kommunen held fast ved avgjerda si, blir klagen send vidare til Helsetilsynet i fylket.

Som mottakar av helsetenester kan du etter pasient- og brukarrettslova også klage til Helsetilsynet på sjølve utføringa av tenesta. Klagen skal først sendast kommunen eller direkte til tenesteytaren slik at det skal vere mogleg å løyse saka på det lågaste nivået.