Hopp til hovedinnholdet på siden Hopp til nettstedskarta Hopp til kontaktinformasjon
Bile av Harøy med hav og fjell i bakgrunnen
Du er her: Hjem > Tenestekatalog > Tenester A-Å

Tannhelseteneste

Fylkeskommunen har ansvaret for den offentlege tannhelsetenesta og tilbyr gratis behandling til prioriterte grupper. I tillegg får 19- og 20-åringar tilbod om behandling til 25 % av offentlege takstar.

Målgruppe

Den offentlege tannhelsetenesta skal gje eit regelmessig og oppsøkjande tilbod til desse prioriterte gruppene:

  • Born og ungdom frå fødselen til og med det året dei fyller 18 år
  • Psykisk utviklingshemma i og utanfor institusjon
  • Eldre, langtidssjuke og uføre i institusjon og heimesjukepleie
  • Ungdom som fyller 19 eller 20 år i behandlingsåret 

I tillegg har rusmiddelavhengige/-misbrukarar under kommunal rusomsorg rett til gratis tannbehandling.

Pris for tenesten

For dei tre første gruppene er tenesta gratis. Kommunen kan gje stønad til tannbehandling (etter pasient- og brukarrettslova) for dei som ikkje kan sørgje for livsopphaldet sitt. Nav Trygd har eigne reglar om stønad til tannbehandling ved sjukdom.


Brosjyrer, dokumentar, kart og liknande
Serviceerklæring
Regelverk

Lover
Folketrygdloven § 5-6
Helsepersonelloven
Pasient- og brukerrettighetsloven § 1-3 (definisjoner)
Tannhelsetjenesteloven

Forskriftar
Forskrift om stønad til dekning av utgifter til undersøkelse og behandling hos tannlege for sykdom
Forskrift om vederlag for tannhelsetjenester

Retningslinjer
Tannhelsetilbud til rusmisbrukere
Praktiske opplysningar
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Fell du inn under ei av dei prioriterte gruppene, treng du ikkje søkje om tenesta. Fylkeskommunen skal vere oppsøkjande. Gje melding dersom du eller borna dine ikkje blir følgde opp.

Ta kontakt med kommunen for støtte til tannbehandling etter pasient- og brukarrettslova. Ta kontakt med Nav Trygd for stønad til tannbehandling i samband med sjukdom.

Send søknaden til

Sandøy kommune

6487 Harøy

Høve til å klage

Om du meiner at du ikkje får nødvendig hjelp eller er misnøgd med korleis tenesta er utført, kan du sende ein klage til det organet som fylkeskommunen avgjer. Går avgjerda deg imot eller klagen avvist, kan du klage til Fylkesmannen.