Hopp til hovedinnholdet på siden Hopp til nettstedskarta Hopp til kontaktinformasjon
Bile av Harøy med hav og fjell i bakgrunnen
Du er her: Hjem > Tenestekatalog > Tenester A-Å

Terminal pleie i heimen

Det pasienten og dei pårørande ønskjer, skal ha mykje å seie ved avgjerda om pasienten skal vere heime eller på institusjon i livets sluttfase. Dersom den sjuke er heime, må både pasient og pårørande få tilstrekkeleg opplæring i bruk av medisinar, smertepumpe eller andre hjelpemiddel. Pasienten har krav på å få informasjon om personar i helsevesenet han/ho kan kontakte når det måtte vere nødvendig.

Omsorg og respekt for kvart einskilt menneske er viktig i møte med uhelbredeleg sjuke og døyande menneske. Pasienten må få eit tilbod som er slik at den siste tida kan bli opplevd som meiningsfull. Pasienten må mest mogleg få leve slik han/ho ønskjer det.

Målgruppe

Pasientar med uhelbredeleg sjukdom og kort forventa levetid

Pris for tenesten
Brosjyrer, dokumentar, kart og liknande
Serviceerklæring
Regelverk

Lover
Helse- og omsorgstjenesteloven § 3-2 - Kommunens ansvar for helse- og omsorgstjenester
Helsepersonelloven

Forskriftar
Forskrift om en verdig eldreomsorg (verdighetsgarantien)

Retningslinjer
Begrensninger i helsepersonells adgang til å motta gave ... (rundskriv)
Rett til egen tros- og livssynsutøvelse
Praktiske opplysningar
Send søknaden til
Sandøy kommune Eining for omsorgstenester v/ inntaksnemnda for omsorgssaker Sandøytunet 6487 Harøy
Sakshandsaming

Før saka kan avgjerast, vil vi kartleggje ønska og behova nærare. Normalt vil vi komme på heimebesøk. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar. I tillegg til kommunal heimesjukepleie kan det vere aktuelt med hjelp frå spesialisthelsetenesta.

Saksbehandlingstid

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

Høve til å klage

Dersom du meiner du ikkje får nødvendig helsehjelp frå kommunen, kan du klage over dette til kommunen og deretter til Helsetilsynet i fylket. Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok det. I klagen må du greie ut om kva forhold det er du klagar over. Du bør beskrive kva du ønskjer endra, og grunngje dette. Kommunen vil kunne rettleie deg. Klagen blir send den instansen i kommunen som har behandla saka. Dersom kommunen held fast ved avgjerda si, blir klagen send vidare til Helsetilsynet i fylket.

Som mottakar av helsetenester kan du etter pasient- og brukarrettslova også klage til Helsetilsynet på sjølve utføringa av tenesta. Klagen skal først sendast kommunen eller direkte til tenesteytaren slik at det skal vere mogleg å løyse saka på det lågaste nivået.